13. søndag i treeiningstida, 30. august 2020
Preiketekst: Matteus 25, 14-30
Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei det han eigde. Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje éin talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut av landet. Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. Han med to gjorde det same og tente to til. Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane frå herren sin. Då det hadde gått ei lang tid, kom herren heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: ‘Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.’ Då sa herren til han: ‘Bra, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’ Så kom han med to talentar fram og sa: ‘Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.’ ‘Bra, du gode og trugne tenar!’ svara herren. ‘Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’ Han som hadde fått ein talent, kom òg fram og sa: ‘Herre, eg visste at du er ein hard mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strødde ut. Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.’ Då sa herren til han: ‘Du dårlege og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strødde ut. Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har. Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.’
For nokre år tilbake stod denne overskrifta i ei avis: «Ingen er talentlause i Guds forsamling.» Ei god skildring i forhold til teksten på denne søndagen. Likninga om talentane står i ein større samanheng der Jesus underviser om åtkoma si og tidenes ende. Ho kallast gjerne Jesu eskatologiske tale. Eit sentralt tema er oppfordringa til å vera vaken og førebudd. I tida mellom himmelfarten og åtkoma si har Herren overdratt ei forvaltning til forsamlinga si. Han skal komma igjen. Ventetida kan for mange føra til sløvheit.
Alle forvaltarar skal måtta stå til rekneskap for hushaldet sitt. Og under perspektivet av at Herren Jesus skal koma att, gir formaninga eit stort alvor: Bruk moglegheitene medan det endå er tid!
Mange har små tankar om seg sjølv, og tenker, «Eg har nok berre fått eitt talent eg». Eitt talent utgjorde etter dåtidas målestoll 6000 denarar, og 1 denar var den alminnelege daglønn i dåtidas Palestina. Det dreier seg altså om ein livslønn. Sjølv han med den eine talenten hadde fått store verdiar å forvalta. Han hadde fått same moglegheiter som dei to andre.
Han som hadde fått dei fem talenta, var han betre enn dei andre? For alt det vi veit, så kan han ha vore den minst påakta i forsamlinga, utan nokon leiarrolle, men han var kan hende vennleg og hadde kjærleik og omtanke overfor dei han var saman med. Han nytta høva som vart lagt i hans veg. Og han fekk høyra frå sin Herre, «Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje.» (Matt. 25,21).
Kva var det som skjedde for han med den eine talenten? Det står at han grov eit hol i jorda, og gøymde pengane til herren sin. Eit hol i jorda! Er ikkje det ein ganske genial måte å beskriva materialismen på? Det fortel om eit menneske som er veldig opptatt av det jordiske. Guds eigedom blir graven ned i travelheit, otte og næringssorg. Ein vil delta i Guds forsamling, og vil ta vare på dei kristne grunnverdiane, men har eigentleg ikkje tid til å ta det i bruk. Det alvorlege er at vi ein dag skal gjera rekneskap for liva våre, om korleis vi har brukt og forvalta det han gav oss. Og oppgjeret skal stå i forhold til det vi har fått. Det gjeld derfor om å vera vakne og ha eit rett forhold til Jesus Kristus og kjenna hans vilje. «Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.». (Luk. 12,48)