Storfjordnytt
3 minutter lesetid

Grana er rett og slett blitt for stor

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vi har vore ein gjeng i ei frivillig gruppe som i fleire år har jobba for å få lys i grana ved kyrkja, mange fleire enn oss som skriv dette innlegget. I forfjor samla vi inn midlar til nye lyskjeder og frivillige krefter hjelpte oss å henge dei opp. I fjor hjelpte System Electro oss å henge opp (dugnad). 

Saken fortset etter annonsa

Når lysa vart prøvetende i haust var det nedslåande resultat, dessverre. Kun fire halve av seks heile lenkjer som lyser… I tillegg vurderer System-Electro, og Mørenett som vi tidlegare har vore i dialog med, det slik at det går på sikkerheita laus å få hengt opp/vedlikehalde lysa i treet. Grana er no blitt så stor at lift som vi tidlegare har fått låne frå Remseth maskin berre når halvvegs opp i treet. Større lifter er ikkje råd på grunn av vanskeleg tilkomst/gravplassen.

Vi har prøvd i fleire år mange mulege måtar å halde liv i julegrana ved kyrkja. Fleire vi har spurd har vegra seg for å ta oppdraget med å henge opp, og vi kan heller ikkje halde på med kronerulling for å samle inn pengar til nye lenker annakvart år.

Saken fortset etter annonsa

Vi er så heldige å ha eit fantastisk godt initiativ i alle som står på for «Jul i skomakergata». Tanken om at lysa på sikt kan utvidast til heile sentrum er god. Vi ynskjer å legge kreftene våre i å støtte opp om det tiltaket, og at det blir vår nye tradisjon i Valldal. Kanskje finst der andre måtar å lyse opp grana på ved hjelp av lyskastarar eller andre effekter som ikkje er så vanskelege å drifte/gjennomføre? Kanskje kan vi få til noko nytt og spennande på det nye torget på Sylte i staden? Dette har vi spelt inn til tettstadutviklingsprosjektet. 

Vil med dette ynskje alle ei riktig god jul!

For den tidlegare komiteen for julegrantenning i Valldal

Randi Valdal,
Terese Jemtegård Moen,
Nina Grøndahl,
Hegelin Waldal