Det går mot slutten av det første «leveåret» for Fjord kommune, og jammen har dette vore eit spesielt år! Kommunen var berre nokre dagar gammal då vi begynte å høyre om noko som skulle utvikle seg til ein pandemi – og som stilte oss alle på prøver vi ikkje hadde føresett.
Frå tolvte mars og fram til sommaren var det krisehandtering som prega mykje av arbeidet vårt. Skular og barnehagar stengde ned, det vart innført heimekontor der det var mogleg. Elevar, lærarar og foreldre måtte takle heimeskule og heimejobb. Reinhaldspersonell og helsepersonell vart omdisponert. Smittevern og restriksjonar vart daglege tema.
Det var på langt nær berre den kommunale tenesteproduksjonen som vart utfordra av epidemien. I vår var det også usikkert om sesongarbeidarane som jordbærbøndene er avhengige av, kunne kome. Reiselivet skaka i grunnvollane og fleire næringsaktørar og verksemder måtte legge om produksjon og aktivitet for å kunne halde hjula i gang. 17. mai vart feira i det som mest av alt likna ein unntakstilstand, men som likevel vart minnerik.
Sommaren gjekk heldigvis over all forventing. Hyttefolka og campingturistane fekk kome tilbake, og innanlandske turistar strøymde til Vestlandet. Reiselivet fekk ein hektisk sommar, trass alt. Smittevern og metersregelen måtte likevel prege all aktivitet. Vi har all grunn til å takke innbyggjarane våre for at de har tatt ansvar og følgt dei råda som er blitt gitt! For sjølv om det kan vere heilt tilfeldig kven som blir smitta, er det likevel sikkert at det er viktig at vi alle overheld smittevernråda. Dette blir også svært viktig når vi no går inn i julehøgtida. Sentrale styresmakter har lista opp sine råd – og det vert vår jobb å følgje dei. Ta ekstra omsyn til dette no, så unngår vi kanskje å få ei oppblomstring av smitte i januar.
Men sjølv om koronaepidemien har tatt mykje tid og krefter, har vi også fått tid til litt andre ting. I haust har vi endeleg kome i gang med arbeidet for å lage ein samfunnsplan og ein næringsutviklingsplan for den nye kommunen. Innbyggjarane er allereie blitt involvert i dette arbeidet – og meir involvering skal det bli på nyåret.
Vi har elles jobba iherdig for å kunne legge fram eit budsjett i balanse. Heile tjueto millionar skulle sparast inn. Dette betyr at alle tenesteområda må greie seg med mindre enn tidlegare. Administrasjon og kommunestyre har hatt ein god dialog og ei felles forståing for at det er naudsynt å gjere grep for å få kostnadene i samsvar med dei økonomiske realitetane våre.
Å slå saman to kommunar til ein kommune, inneber noko langt meir enn å velje nytt kommunestyre og slå saman to administrasjonar. Det handlar også om å bygge ein ny kommuneidentitet. Det arbeidet er så vidt starta. Framover skal vi arbeide meir nettopp med dette: Vi skal bygge oss saman til ein kommune, vi skal utvikle alle deler av den nye kommunen, og vi skal skape ei felleskjensle av at vi høyrer til i Fjord kommune. I det arbeidet vert innbyggjarane heilt sentrale, og vi håper på godt samarbeid.
Utfordringane til distriktskommunane er mange, og dei vert etter kvart stadig oftare sett på dagsorden. Men distriktskommunane har også mange kvalitetar, vi har eit stort potensial som kan verte utløyst om vi gjer dei rette grepa. Vi meiner vi har grunn til å vere optimistiske på vegner av den nye kommunen vår!
Vi ynskjer oss alle ei god jul og ser fram til å ta fatt på nye, viktige oppgåver for Fjord kommune i 2021!