Ein vil med denne informasjonen få orientere om tiltak som er satt i verk etter at det vart satt nasjonale besøksrestriksjonar ved heildøgns helseinstitusjonar. Dette er tiltak som kan vere med på å gjere situasjonen noko meir uthaldeleg, sjølv om saknet etter sine nære vil vere tilstades. Vi har stor forståing for at det er utfordrande å vere pårørande og vener no, og ikkje ha moglegheita til å besøke sine. Både i kvardagen, og no i påskehøgtida. Vi har alle eit sterkt ynskje om at denne situasjonen snart skal vere overstått, men vi har nok ein lang periode framfor oss med ulike tiltak og restriksjonar som vil påverke oss.
KOMP’ar er komne i hus og fleire kjem
For å legge til rette for å oppretthalde kontakt med familie og vener, har vi nyleg kjøpt inn tre KOMP’ar – eit kommunikasjonsverkty for videosamtalar. Desse er per no plasserte ved sjukeheimen i Valldal, Stordalstunet og ved omsorgsbustaden i Eidsdal.
KOMP er eit norskutvikla nettbrett som vert betjent av kun ein knapp, og som difor er enklare å meistre enn smarttelefonar og andre nettbrett. Familie og vener kan sende bilete, meldingar og føre ein videosamtale via ein gratis app.
I tillegg til dette har Sparebanken Møre gitt kommunen ei generøs gåve for å tilby dette til fleire. Vi har fått moglegheita til å kjøpe inn inntil ti KOMP eller andre nettbrettløysingar til dette føremålet, og det er vi særs glade for.
Kunstverk frå born
Dei som allereie har fått testa ut denne kommunikasjonsforma har gitt gode tilbakemeldingar. For dei som ikkje har testa ut dette enno, kan dei ringe avdelinga kor sin/-e kjære høyrer til, og be om dette via personalet.
Frivilligsentralen vår har oppmoda born og unge til å sende inn teikningar, dikt og brev, som ein fordelar ut til insitusjonane i kommunen. Desse vert oppbevart tre dagar utanfor institusjon, for å sikre at heller ikkje dei skal føre med seg eventuell smitte inn dørene. Vi vonar at mange vil fortsette å teikne og fargelegge både i påska og utover våren, slik at ein kan muntre opp kvardagen med flotte og fargerike kunstverk.
Må halde fram med restriksjonar enno ei tid
Samstundes håpar også vi at ein etterkvart skal kunne løyse opp restriksjonane ved institusjonane våre. For kontakta med familie og vener kan på ingen måte erstattast av slike teknologiske løysingar.
Men så lenge situasjonen med virusspreiinga ikkje er under kontroll, må vi verne om dei sjuke og sårbare – og der er helsemyndigheitene og fagekspertisen tydeleg på at vi gjer det best ved å oppretthalde desse strenge tiltaka.
Koronaviruset har vist seg å vere særs smittsomt, mykje meir enn andre virus vi møter som eksempelvis sesongbaserte influensautbrudd. Vidare er mennesker med lavt immunforsvar, kombinert med dårleg helse og høg alder, i ei spesielt utsatt gruppe.
Det vil framleis ta tid før kvardagen er tilbake til det normale, vi må vere både lydhøre, tålmodige og solidariske.
Inntil den normale kvardagen er tilbake skal vi fortsette å ta godt vare på dei som mottek helse- og omsorgstenester i Fjord kommune. Koronasituasjonen har eit stort fokus blant våre tilsette, både når det gjeld smittevern og øvrige tiltak ein må sette i verk for å motverke einsemd og sakn etter besøk av familie og vener. Personalet har fokus på å sjå til den einskilde i større grad no når det vert meir åleinetid, det vert sunge og lest til dei, og dersom helsa og véret tillet det nyttar ein høve til å trekke frisk luft i sansehagane eller nærområda kring institusjonane med følgje av personalet.
Vi set stor pris på at alle bidreg i denne store og vidtgripande dugnaden for å vinne over virusspreiinga, slik at vi snarleg kan få løyse opp i restriksjonane, og ta kvardagen tilbake.
Sjølv om besøka på våre helseinstitusjonar må finne nye former for de som pårørande, ynskjer vi alle ei fin påske i ei særs spesiell tid.