Lakseelvene på Sunnmøre og Hofseth Aqua AS har engasjert forskingsinstituttet Norwegian Research Centre (NORCE) for å gjennomføre eit storstilt forskingsprosjekt med mål om å auke villaks- og sjøaurebestandane på Sunnmøre. Det melder Lakseelvene på Sunnmøre i ei pressemelding.
– Dette prosjektet gjeld alle dei 28 elvene på Sunnmøre. For Stordal og Valldal vil dette utgjere sparte kostnader på over ein million kroner. No skal vi identifisere problema og ikkje berre seie kva vi trur er grunnen til at det er så lite laks i elvene våre. Det dei aller fleste ønskjer, er å få laksen tilbake i elvene og miljøet det skaper av lokalt engesjement, seier styreleiar og talsmann for Lakseelvene på Sunnmøre, Stein Kristian Valdal.
Prosjektet skal gå over sju år og har ei kostnadsramme på over ti millionar kroner. Prosjektleiar og forskar ved NORCE, Marius Kambestad, fortel at prosjektet er unikt i nasjonal samanheng.
– Eit så omfattande og fagleg breitt forskingsprosjekt på laks og sjøaure, konsentrert i éin region, er ikkje gjennomført i Norge tidlegare. I dette prosjektet får vi høve til å kartleggje ei rekke ulike faktorar over fleire år. Erfaringane vi haustar kan overførast til andre stadar med same utfordringar, seier Kambestad.
Han fortel at prosjektet består av sju delprosjekt, som kvar vil kartleggje ei spesifikk problemstilling.
– Kvar for seg er liknande delprosjekt gjennomført tidlegare, men ikkje samtidig og på same stad. Det banebrytande med vårt prosjekt er at dei ulike faktorane vil gi oss eit heilskapeleg bilete av utfordringane fiskestammene på Sunnmøre står ovanfor. Det gir oss eit unikt grunnlag for å setje i verk målretta tiltak, seier Kambestad.
Han fortel at alle konklusjonar forskarane landar på, skal følgjast opp med konkrete tiltak.
Vil gjenreise Sunnmøre som lakseeldorado
Sidan 1970- og 80-tallet har fangsten av laks og sjøaure på Sunnmøre blitt drastisk redusert. På grunn av svake bestandar er store lakseelver som Valldøla og Stordalselva stengde for fiske i 2020. No håper talsperson for Lakseelvene på Sunnmøre, Stein Kristian Valdal, at prosjektet kan vere med på å gjenreise Sunnmøre som ein av dei fremste laksedestinasjonane i landet.
– For oss som har vakse opp i og rundt lakseelvane er det viktig å snu den negative trenden. Alt ligg til rette for at Sunnmøre igjen skal bli eit eldorado for laksefiskarar. Men viss vi skal løyse utfordringane fisken står overfor, må vi først finne ut kva som er i vegen. Det kan dette prosjektet bidra til, seier Valdal.
Tar heile verktøykassa i bruk
Administrerende direktør ved Hofseth Aqua AS, Roger Hofseth, deler Valdal sine visjonar.
– Viss vi skal få opp bestandane må vi ta heile verktøykassa i bruk. Det gjer vi i dette prosjektet. For oss er det eit privilegium å kunne bidra til å få meir liv i elvene her på Sunnmøre. Vårt mål er at Sunnmøre skal vere verdas beste stad å leve for både villfisk og oppdrettsfisk, seier Hofseth.
Hofseth Aqua AS har påtatt seg det økonomiske ansvaret for prosjektet. Hofseth seier at det er rom for fleire partnarar i prosjektet.
– Vi tar gjerne med oss fleire partnarar som ønskjer å bidra. Eg meiner at vi som lever av fisk, i åra framover må stå fremst i rekka for å bevare villaks- og sjøaurestammene i Noreg. Dette er ein god start, avsluttar Hofseth.
Fakta om prosjektet:
- Prosjektet er eit samarbeid mellom Lakseelvene på Sunnmøre og Hofseth Aqua AS. Prosjektet vil bli gjennomført av forskingsinstituttet Norwegian Research Centre (NORCE–LFI).
- Avtalen strekker seg over ein sjuårsperiode frå 2020-25.
- Prosjektet har tre hovudmål:
- Kartleggje bestandsstatus for laks og sjøaure på heile Sunnmøre.
- Identifisere dei viktigaste årsakene til negativ bestandsutvikling.
- Setje inn tiltak for å auke talet på laks og sjøaure på Sunnmøre.
- Nærare 30 vassdrag skal kartleggjast og forskast på gjennom prosjektet.
- Prosjektet består av sju ulike delprosjekt: Bestandsovervaking, habitatforhold, lakselus, rolla til oteren, sjøaurebekkar, fiskesjukdommar og vasskjemi.
Prosjektbeskrivelse NORCE LFI.pdf
Link til innslag på NRK
https://tv.nrk.no/se?v=DKMR98090320&t=247s