Det såg ut til å gå betre. Folk såvel som folkevalte begynte å slappe litt meir av. Konsekvensen av det merkar vi no – og i tida som kjem. Etter ein lang og deilig sommarferie heime i Stordal, ventar kvardagen med jobb og studium i Oslo.
På fredag køyrer eg ned, og det er ikkje utan ein liten klump i halsen. Det Oslo eg reiser til er ikkje heilt det same som det eg forlét tidleg i juli. Eller så er det kanskje det. Kanskje var Oslo eigentleg nett som det er no, berre at vi innbilte oss noko anna. Sjølvsagt visste vi at Covid19-krisa ikkje var over, korkje i Noreg eller (spesielt) i utlandet. Vi visste godt at det ikkje var over. Men haldninga og stemninga var ikkje den same tidleg på sommaren som den hadde vore om våren.
Oslo er utruleg fin om sommaren. Det er kanskje ikkje så lett å sjå som besøkande. Men med litt lokalkunnskap kan ein finne eit enormt mangfald av rekreasjonsområde. Ikkje minst har etableringa av badeplassar på Sørenga og Tjuvholmen gjort byen lettare å bruke. Men det er mange andre alternativ til dei litt fjonge anlegga i sentrum som berre har dyre restaurantar rundt seg. Til dømes er Frysja og Isdammen stader eg liker å oppsøke. Når byen badar i sol, er det lett å la seg freiste til å pakke badebuksa og piknikpleddet. Koronakrise eller ikkje.
Då Korona-statistikken begynte å sjå betre ut for hovudstaden, samstundes som sola raust ga varme og farge til heimekontor-bleike Oslo-borgarar, endra òg stemninga og haldninga til krisa seg. Vi begynte å gå meir ut. Ikkje berre turar i Marka, der det trass alt er lettare å spreie seg. Vi la oss i Sofienberg- og Frognerparken. Vi bada i Paradisbukta. Byråden opna skjenkekranene. Vi hadde gått tre månader utan å kunne ete og drikke ute. No som alt begynte å sjå lysare ut, måtte vi vel ha gjort oss fortent til ein utepils eller to? I tillegg har vi utvida talet på folk som kan vere i lag. Vi klemmer meir. Vi er lei og trøytte av isolasjon. Det kunne jo ikkje skade å opne samfunnet littegran meir opp? Kanskje ikkje. Om fleire av oss hadde halde oss i tøylene, hadde det kanskje gått bra. Men dessverre er det for mange som har gløymt seg og opptredd uansvarleg. Med det går vi i ei retning der situasjonen kjem ut av kontroll.
Vi har sett store samlingar og festar blant ungdom, spesielt
vestkantungdom. Studentar køyrer på med fadderveke og samlar seg i parkar i hopetal. Konsekvensen er klar. Talet på menneske smitta med Covid19 går opp. Raymond Johansen, som tidlegare opna skjenkekranene, går no ut og trugar med bøter om folk bryt den sovande lovparagrafen om å drikke på offentlege plassar. Ordførarar og kommunelegar frå rundt om åtvarar folk mot å dra til hovudstaden. Men det er nett dit eg skal.
Det er ein kvardag som ventar, ein Oslo-kvardag som ventar. Eg som alle andre må ta meg meir i vare når eg kjem ned enn det eg kanskje gjorde tidleg på sommaren. For viruset reagerer ikkje på kva stemning eller haldning vi har til det. Viruset finst, og det reagerer på oss anten vi vel å bry oss om det eller ikkje. Det er ikkje over før det er over, og det håpar eg fleire hugsar på i tida som kjem.