I sommar fekk eg besøk av ei studievenninne, og som den stolte bygdejenta eg er, måtte eg sjølvsagt vise ho rundt i nærområdet. Første dagen gjekk turen til Mefjellet, og vi var begge like forskrekka over at folk spring heilt opp til toppen frå Fjøra! Den andre dagen gjekk til blåbærplukking i Liabygda, og klatreparken ein tredje dag. Her skulle vi oppleve det meste som var å oppleve. Ein av dagane gjekk turen til Skrenakken, som er det eg skal fortelje dykk om no.
Vi var tre i turfølgjet, vêrmeldinga var grå og regnfull, men vi la oss kvelden før med godt mot i håp om at meldingane ville snu. Morgonen etter hølja det ned, men vi var fast bestemt; tur det skulle vi på. Matpakken vart smurd og sekken pakka, regnklede og fjellsko var på. Vi var klare.
Turen starta ved Kilsti i Eidsdalen, der vêret allereie hadde skifta frå tunge regndropar til lett yr. Vi såg på det som eit godt teikn og starta turen i godt mot. Stiane var godt merka, så det gjorde ingenting at vi ikkje hadde gått der før. Og det tok ikkje lang tid før vi måtte byrje å kle av oss både stillongs og ullskjorte. Etter kvart som vi kom opp i høgda forsvann tåka med eitt, og vi hadde utsikt over heile Liabygda og omlandet. Vidare gjekk turen ned mot Skrenakken, og vi var ganske blaute då vi kom fram. Noko av det første alle la merke til, var kor flott enga var slått, og ikkje minst kor mykje større området var enn vi hadde forventa.
Det hadde byrja å regne igjen, og vi håpte der var nokon på Skrenakken vi kunne spørje om det var greitt vi sette oss under eitt av overbygga for å ete nista vår. Då vi banka på døra vart vi møtt av ein gjestfri mann, Finn, som inviterte oss inn. Vi prøvde oss med «at det ikkje var nødvendig» då vi såg ut som vi hadde bada med kleda på heile gjengen, men Finn sa at vi måtte kome inn, det regna jo ute! Kjempeglade og takksame, byrja vi å ta av oss regnkleda og gjekk inn i eit hus med ei så rik historie at vi vart trollbundne, heile gjengen.
Finn stilte både med godt selskap, gode historier og ei varm og koseleg stove. Vi fekk høyre om då dronning Sonja var på besøk, korleis dei hadde bygd opp att Skrenakken på nytt etter at huset og andre bygg som høyrde til var falleferdige. Vi fekk ei omvising både i huset, uthuset, kjellaren som før hadde vore ein stad der dyra hadde opphalde seg, som no var reinaste vikingstova – og så vidare.
Å få kome inn ein slik stad, ein såpass avsidesliggjande plass og ikkje minst møte folk med ei så stor gjestfriheit er verkeleg unikt. Og eg ønskjer å tru at det er unikt her i landet at gjestfriheit står høgt på lista. Sjølv om det er slik, er det ikkje sjølvsagt å bli teken slik imot som vi vart på turen vår til Skrenakken. Vi sit nok alle tre att med gode minne frå sjølve turen, men høgdepunktet var nok å møte ein så gjestfri og god person som Finn. Vi vart tekne med på ei reise i tid der vi fekk høyre om korleis det var å bu der oppe, og ein kan verte både forundra og overraska over korleis folk greidde seg på fjellgardane før i tida. Ikkje minst vert ein stolt over korleis forfedrane våre kunne klore seg fast til ei fjellhylle og skape ein heim og ein familie.
Så tusen takk til Finn for ei fantastisk oppleving! Vi set stor pris på at vi fekk kome inn og sjå den eventyrlege Skrenakken både utanfrå og inni.