Sjølv om ein kan sjå at «heile Noreg» har både trena, baka og strikka, sit nok dei aller fleste av oss igjen med mykje viktigare kunnskap og erfaringar etter desse siste månadane. Det er tøffe tider, og tøft blir det nok ei god stund framover for dei aller fleste av oss. Året 2020 vart og blir nok ikkje heilt slik mange hadde planlagt, men kanskje har 2020 med hendingane sine blitt det året som gjorde oss meir bevisste, medmenneskelege og opplyst?
Å føle seg einsam er det nok mange av oss som har kjent på, spesielt den siste tida når vi ikkje har kunna møte og sjå dei vi er glade i, slik som før. Dei naturlege møteplassane for sosialisering på jobb, kultur- og fritidsaktivitetar og liknande, vart brått borte og vi måtte ty til digitale plattformer. Helsemyndigheitene oppfordra oss til å unngå å møte andre enn dei vi budde med, men å hugse på å ta vare på dei vi ikkje kunne møte, ved å slå på tråden eller møtast digitalt. Vi er solidariske og tek meir vare på kvarandre.
Under desse tøffe månadane har små og store bedrifter også fått store utfordringar med å overleve. Nordmenn har vore med på dugnaden og blitt oppfordra til å handle meir bevisst, lokalt og berekraftig. Kanskje ser vi teikn på at forbrukarvanane våre vert endra, og at vi i større grad støttar opp om dei bedriftene som tek samfunnsansvar på alvor? I tillegg skal vi feriere annleis i år. Med dei reiserestriksjonane som er gitt, kjem vi til å ta ferien i Noreg. Vi får oppleve landet vårt på ein ny og annleis måte. Med eit så vakkert og spektakulært land kan dette gjere at vi også i framtida planlegg fleire feriar i Noreg. Her har Fjord kommune mange mogelegheiter som kan gripast allereie no i sommar og i tida framover.
Det brutale politidrapet på George Floyd har vekt merksemd verda over. Det er sett lys på rasismen som framleis er gjeldandene i alle land. Vi har fått brutale historier og lært om rasisme på ein ny og annleis måte. Den siste veka har det dukka opp nye historier og nyheiter i kjølvatnet av hendingane i USA, også i Noreg. Sjølv om det for mange kan vere eit vanskeleg tema, er det likevel viktig å stå opp for dette no. Slik bussjåføren i Trondheim gjorde, då han bad ein mann om å gå av bussen, etter at han hadde kome med fleire rasistiske kommentarar til ei muslimsk jente. Slike anti-rasistiske handlingar som bussjåføren viste, håpar eg vi vil sjå eit samfunn som ber preg av ei markant forandring.
Då verda gjekk i lock-down kunne ein sjå fleire fleipe om at 2020 er avlyst, og for mange kan det kanskje følast litt slik ut. Eg trur at 2020 på ingen måte er avlyst, men at det heller vert det året då vi måtte rydde litt, ikkje berre i hus og heim, men også i oss sjølve. Rydde vekk ubevisste haldningar, og kvitte oss med det vi ikkje har bruk for, eller det som ikkje høyrer heime i 2020. At vi kjem ut av dette året som meir bevisste, opplyste og medmenneskelege. Slik kan vi kome godt førebudde til eit meir berekraftig og inkluderande samfunn.