«Å feiltolke historia er ein avgjerande del av å det å vere ein nasjon» , meinte den franske 1800-talsfilosofien Ernest Renan. Framtida til fortidsminne er under debatt. Statuen av Winston Churchill på Solli plass i Oslo er foreslått omplassert til Historisk museum. Også Ludvig Holdberg risikerer å bli plukka ned frå sokkelen. Faren for at akkurat desse monumenta forsvinn er neppe den største. Men diskusjonen om korleis vi skal forhalde oss til fortida og gamle heltar som ikkje levde opp til standardane vi har i dag, går neppe over.
Statue-disputten har sjølvsagt ikkje oppstått av seg sjølv. Det direkte utgangspunktet er demonstrasjonane mot politivald og rasisme i USA. Der er statuar – og andre symbol – blitt brukte aktivt av dei som framleis forherlegar «kvitt herredømme.» Å reise nye monument over politikarar og generalar som forsvarte slaveriet i Sørstatane, har dei siste tiåra vore ei favorittøving blant ytterleggåande republikanske politikarar sør i USA. Då nasjonale lover gjorde slutt på raseskiljet midt i 1960-åra, svarte lokale sørstatspolitikarar med å heise slaveflagget over rådhuset og reise nye statuar av general Lee. At desse symbola no blir rivne ned er like forståeleg som det er rett.
Likevel er det eit ope spørsmål om vi tener på å importere debattklimaet frå USA til Noreg. Då statuen av Churchill vart reist i Oslo sentrum, var det ikkje for å feire britisk kolonisering av India, eller dei brutale metodane Churchill ønskte å bruke mot fridomskrigarar i Irak. Vi feirar ikkje den konservative imperialisten med ei tvilsam haldning til velferdsstat og arbeidarrettar – men statsleiaren som åtvara mot nazismen, inspirerte til motstand, og var med å leie dei allierte til siger over eit brutalt og rasistisk regime.
Å krevje fjerning av alle spor etter ei fortid som ikkje møter dei moralske standardane i samtida, er eit håplaust prosjekt. Ei slik tilnærming kan berre leie til ei selektiv utplukking av symbol som tilfeldigvis opprører i augneblinken. I London må statuen av leiaren som åtvara mot Hitler-regimet (Churchill) pakkast inn for å unngå demonstrantane, medan monumentet over statsministeren som lét nazismen spreie seg i Europa utan effektiv motstand (Chamberlain), står urørt berre meter unna. Det understrekar kor tilfeldig politisk motivert sensur av historia fort endar med å bli.
Historia er ein god læremeister, men ein dårleg kamparena. Ein anonym politikar frå det krigsherja tidlegare Jugsolavia uttalte midt i 1990-åra at «problemet med Balkan er at vi har for mykje historie per kvadratmeter». Vi har lite å tene på å gjere historiske symbol til ein viktigare del av ordskiftet vårt.
Renans poeng om at all vellukka nasjonsbygging inneber eit element av løgn, var meint som ei åtvaring mot å kjøpe eventyra nasjonalistiske historieskrivarar fortalte på 1800-talet. Men det tener også som ei påminning i dag. Vi kan med fordel vektlegge dei mørke kapitla i historia om imperialisten Churchill – og slave-eigaren Holberg. Akkurat som vi bør minne oss sjølve om våre eigne skamplettar – frå fornorskinga av samar til nordmenns aktive deltaking i jødeutryddinga under krigen. Men vi må erkjenne at den reisa som har teke oss hit vi er i dag, er blitt leia av menneske som var forma av samtida si, og som ikkje kan vurderast ut frå kriteria vi har i dag. Leiter vi etter grunnar til å knuse statuer, vil vi alltid finne nokon. Kanskje er vi betre tente med å finne svar på utfordringane framtida byr oss, enn å reinse fortida for feil.