Sommaren er forbi, og hausten er her. Endeleg vil mange seie, etter ein sommar med mykje reiseaktivitet, sosiale samankomstar og ikkje minst ein studie- og skulestart prega av mykje usikkerheit og ei ny smittebølgja blant unge vaksne. Endeleg er hausten her, der det sosiale roar seg litt ned, og alle tar ein liten pust i bakken. Men med hausten kjem også mørketida, og med den også haust- og vinterdepresjonane. Mange går inn i ei tyngre tid i desse dagar, og i år gjer dei det utan tryggheita i at det finst eit sosialt liv der ute. I år er det ekstra vanskeleg å vere eit menneske som treng andre menneske for å ha det bra.
Som ein av mange studentleiarar i ein av Noregs største studiebyar, ser eg dagleg kor mykje dei aktivitetane frivillige organisasjonar tilbyr, betyr for mange. For mange er desse aktivitetane, anten det no er tur, quiz eller fotball, av dei einaste sosiale treffa dei har i løpet av veka. I ei studietid der mykje er digitalt, er dei aktivitetane vi klarer å arrangere, gull for mange. Det er nødvendig, og eg er stolt av å kunne bidra.
Men eg får også sjå den andre sida av mynten, som arrangør. Det er mange som har ei meining om korleis andre oppfører seg og bidreg til smitte. Ofte er det plassering av skuld, og like ofte er det studentar eller unge vaksne som blir kalla uansvarlege og egoistiske. Men er det verkeleg uansvarleg og egoistisk å sørge for å skaffe seg eit sosialt nettverk? Er det uansvarleg å skape trygge møteplassar? Er det uansvarleg å forsøke å leve livet så best ein kan, med dei restriksjonane som er?
Mitt svar på desse spørsmåla er nei. Mange vil vere ueinige med meg. Mange påstår at slik situasjonen er no, bør vi gi opp desse fridomane for det felles beste. Mitt spørsmål er då: Kva er det felles beste? Dersom det felles beste er å sørge for færrast mogleg dødsfall, er det klart at nedstenging er vegen å gå. Det var det rette i vår, men er det det rette no? Veit vi nok om viruset til å klare å ha litt fleire tankar i hovudet samstundes?
Kanskje handlar det «felles beste» også om at ungdom og unge vaksne får leve ut den perioden dei er i, finne seg sjølv og finne andre, på ein trygg måte. Kva er kostnadane om ein ikkje tillét dette? Ein heil generasjon sitjande heime på hybelen utan eit sosialt nettverk, utan vener og utan nær familie rundt seg, kan umogleg vere bra for det samfunnet vi skal ha i framtida. Vi veit at mangel på sosialt nettverk har negative konsekvensar, både for individet og for samfunnet. Er dette for det felles beste?
Eg er takksam for dei som tar det ansvaret det er å skape trygge møteplassar, og eg er takksam for at styresmaktene oppmodar oss til å nytte oss av dei tilboda som er. Det blir sett pris på, einsam eller ei. Det eg ikkje er takksam for, er at gruppa eg er ein del av blir hengd ut på sosiale medium og kritisert i hytt og vær. Vi er ein del av dugnaden, men ein stad må kostnadar vegast opp mot nytte. Kor mykje kan ein ta frå eit menneske, ung eller gammal, før det går ut over det livet ein skal leve i framtida? Det er det verkelege spørsmålet her.