I Trondheim er det lite som minner om jul. Gradestokken held seg stabilt på plussgrader, og snø har vi knapt sett i år. Julestemning er det generelt lite av, og i lys av koronalivet kunne dette like gjerne ha vore ein dag i september. Men det er éin ting som minner om at ferien og jula nærmar seg: Byen tømmer seg sakte, men sikkert for studentar. Dei skal heim til jul. Heim til snøkvite fjell. Fyr i peisen. Juletre og julekaker. Rolege dagar med familie og vener. Eit pusterom. Slik er vi vande med å tenkje på julehøgtida. Ei tid for ro og ettertanke, der vi endeleg kan sleppe stress og kjas og ha litt fri frå kvardagen. Ei tid for kos. Men kanskje ikkje i år.
Som student på femte året, og på mitt åttande år som utflytta eidsdaling, har det alltid vore sjølvsagt for meg å reise heim til jul. Å kunne reise heim etter nok ein stressande eksamensperiode og eit semester utan sjølve studentlivet, har vore eit lys i enden av ein lang tunnel. Eit lite snev av ein gammal normal. Mange studentar sit nok med den same kjensla akkurat i år. Det normale blir litt ekstra viktig. Men så blir det kanskje ikkje normalt likevel. Og kanskje blir det ikkje tur heim i det heile tatt.
I skrivande stund er det ti dagar igjen til julaftan. Det er like lenge som ein karanteneperiode. Alt eg gjer frå no av og fram til avreisedag, er risiko. Særleg i ein by der smitten er på stigande kurs og nye tiltak er i emning. Som i mange andre kommunar, er smitten her delvis knytt til reiseverksemd. Folk som skal heim til jul. Folk som eg, som reiser frå kommunar med høgt smittetrykk til kommunar med mindre smitte. Nokre av dei er uheldige og tar med seg smitte heim. Med stigande smittetrend dukkar nye spørsmål opp: Er det eigentleg forsvarleg å reise heim?
38 kommunar landet rundt har sagt rett ut at dei ikkje ynskjer at folk skal kome på besøk frå område med høgt smittetrykk i år. Det er 38 kommunar som rett ut seier at studentar, utflyttarar og andre som høyrer til i ein kommune, ikkje er velkomne heim. Signalet er tydeleg for dei som skal ta valet om å reise eller å bli. Fjord kommune har svart «usikker» på spørsmålet om ein ynskjer at folk frå kommunar med høgt smittetrykk skal halde seg unna i år. Det er ikkje eit like tydeleg signal om å ikkje reise, men det er like fullt eit signal om at ein kanskje ikkje er så velkomen som tidlegare år.
Eg kan forstå at mange blir bekymra over den reiseaktiviteten som er på gang no før jul. Eg kjenner sjølv at stresset aukar i takt med smittetala, og det i eit område der det har vore smitte nesten kvar einaste dag. Eg forstår at for kommunar som knapt har hatt eit einaste smittetilfelle, så er mitt ynskje om å kome heim ein risiko. Men eg, som dei fleste andre, er mitt ansvar bevisst. Tanken på å vere den som tar med sjukdom heim, er ikkje kjekk. Så eg gjer mitt beste. Følgjer reglane. Men uhellet kan likevel skje. Om nokon skulle vere så uheldige å ta med smitte heim: Ver grei. Det kan skje kven som helst, og kvar som helst. Det treng ikkje bety uvettig åtferd eller mangel på forståing for situasjonen vi er i. Som regel er det rett og slett uflaks.
Eg håper vi er velkomne heim til jul så lenge vi er friske og raske. Skulle det bli koronajul i Trondheim, kan det bli greit det også. Så lenge det kjem litt snø.