Sommaren er endeleg her, og vi har lagt ein tung og rar vår bak oss. For mange kan det sjå ut til at den nydelege sommarvarmen vi har hatt i juni, har utsletta alle minne om «dei strengaste tiltaka etter krigstid», sjukdom og arbeidsløyse. Det er som om solstrålane har gjort meteren enda kortare, og antibacen til ein fiende. Korttidsminnet knytt til pandemien vi framleis står i, får selskap av festglade nordmenn som vil på ferie koste kva det koste vil, bråk og fyll i mange byar, og ulukker både «til lands og til vanns». Misser vi evna til å vurdere risiko når sola og varmen snik seg inn på oss?
Risiko inneber at hendingar kan inntreffe som har konsekvensar for noko som har verdi for oss som menneske. I mars, april og til dels mai var desse verdiane knyte til liv og helse. Det var nasjonal dugnad, og «alle» tok eit tak for å verne om det som hadde verdi for oss nett då: Dei eldre, sjuke og elles utsette gruppene i samfunnet vårt. Etter kvart som smittetala har vorte lågare og samfunnet har opna opp, kan det sjå ut til at kva verdiar vi set i høgsetet, har endra seg. Det er kanskje ikkje så farleg med liv og helse til dei rundt oss lenger?
Opninga av samfunnet var både venta og nødvendig. Det er grenser for kor mange arbeidsplassar ein kan miste og kor mange milliardar staten kan utbetale, før ein må byrje å vurdere verdiane liv og helse opp mot økonomiske verdiar. Det er heldigvis ikkje ei avgjersle eg har måtta bidra til, og eg trur mange andre også kan vere letta for å sleppe å gjere desse vurderingane. Men opninga av samfunnet førte også med seg moglegheiter for avgjersler der alle må vurdere verdiar opp mot kvarandre. Og med sola ser det ut som «eg, meg og mitt» ofte trumfar fellesskapet. Dugnaden er over.
Det skal sjølvsagt vere lov å nyte sommarsola, ta seg ein fest eller reise på ferie. Fridom og sjølvråderett er viktige verdiar for oss nordmenn. Men ferietid betyr ikkje det same som at det vanlege livet og verda generelt blir sett på pause. Vi står framleis i ein pandemi. Rundt om i verda har det aldri vore så mange smitta som no. Vi skal ikkje lenger enn over grensa før situasjonen er ein heilt annan. Det skal heller ikkje mykje uvørdenheit til, før vi plutseleg kan stå i ein annan situasjon også her. Spørsmålet blir då; er det verdt det?
Sommaren skal nytast, og ein skal få slappe litt av og ta litt fri frå kvardagslivet. Mi oppmoding er likevel å hugse på dei som ikkje får denne friheita. Dei som må bemanne sjukehusa. Dei som har vorte arbeidsledige og ikkje har råd til sommarferie. Dei som er i risikogrupper og må halde seg heime. Er ferien til Spania, hytteturen i Sverige eller det litt for hyggelege middagsselskapet med vennekretsen verkeleg verdt at fellesskapet på nytt må betale ein høg pris? Eller er i år sommaren vi tar det litt meir med ro? Kva verdiar skal vi sette høgst? Dette er risiko kvar og ein av oss må vurdere, og eg kryssar alle fingrar for at vi alle har fellesskapet i bakhovudet denne sommaren. Så kan vi kanskje få ein fin og normal haust også.
God sommar!