Om du har lese dei tidlegare innlegga mine, så har det vel gått opp for deg at eg er hindu. Dermed har eg opp gjennom barndommen min dessverre ikkje investert så mykje tid i deg, som eg kanskje burde ha gjort. Beklagar, dette er hundre prosent min feil. Eg har heller aldri mast på deg, så eg lurte på om du har litt tid til overs for meg i år? Eg har trass alt vore snill og følgt alle smittevernsråda så godt eg kan.
Pandemien har snudd kvardagen vår på hovudet. Til tider har det vore så surrealistisk at eg har lurt på om dette faktisk er røynda, eller om det er ein rar draum. Sjølv om du er den nest største legenda på denne årstida, gitt at Jesus er størst, er vel du den mest magiske figuren som spreier mest glede. Derfor er mi aller første ønskjeliste til deg ganske kort og konkret med tre små ønske.
For den som har kjent meg ein god stund, så kan mitt første ønske kome som eit sjokk. Fordi, Herr. Julenisse: Eg vil så gjerne ha mogelegheita til å gi folk eg er glad i ein god klem! Min kjære nabo, som eg nesten ikkje har sett på over eit halvt år. Mine gode venninner, som eg så vidt har fått møtt på grunn dei nasjonale tiltaka. Eg har også veldig lyst å endeleg helse på alle dei nye kollegaene mine. Helst ansikt til ansikt og ikkje gjennom eit uklart profilbilde på Teams, der lyden dett ut kvart andre sekund.
Året her har vore spesielt av mange grunnar. For første gong har eg fått kjenne på einsemda og følt meg isolert store delar av hausten. Kombinasjonen av å være nytilsett og ha heimekontor har vore utfordrande, sjølv i ein velkjend by der eg har eit stort nettverk. Mitt andre ønske er derfor at dei som er hardast ramma av pandemien, blir ekstra tatt vare på. Dei som enten er smitta, ikkje får møte sine nære og kjære denne jula, eller dei som må feire jul åleine i år. I ei tid med mange restriksjonar og grenser, er det mange som må ofre. Eg ønskjer at dei blir tatt vare på, og at alle får ei god jul med mykje glede. Kan du det, julenisse? Kan du spreie kjærleik, vennlegheit, fred og generell godheit og glede?
Mitt siste ønskje er kanskje litt egoistisk og materielt, men alle ønske kan vel ikkje ha ein relasjon til korona? Det har seg slik at bustadprisane i Bergen er heilt ko-ko. Eg er ingen finansieringsekspert, men eg er bekymra for utviklinga. Kvar bodrunde går fleire hundre tusen kroner over takst, og eg føler meg som ein tapar kvar gong draumebustaden glepp. Så eg lurer på om du endeleg kan gjere meg til ein lottomillionær?
Gjekk kanskje litt over streken der, men eg er ikkje vand med å skrive ønskjeliste til nissen. No er eg heller ikkje sikker på om eg er på snille-lista di i år, men håpar likevel at du tar tida til å lese ønska mine og skape ei magisk jul for alle som verdset denne høgtida.