Tidleg på 1800-talet åtvara den britiske økonomen David Ricardo mot ei dyster framtid. Knappheit på landbruksjord ville skape stadig veksande sosiale forskjellar, meinte ein av økonomifagets stamfedrar. Ricardo skildra eit samfunn der eit lite mindretal av jordeigarar kunne leve på stadig høgare avkastning frå jordeigedommane sine. Ricardos spådom slo ikkje til. Teknologiske gjennombrot og sosial reform gjorde det mogeleg å produsere meir mat – urbaniseringa trekte folk frå landsbygd til by. Men Ricardos framtidsbilete har blitt verkelegheit i ein annan del av økonomien: bustadmarknaden.
Bustad er blitt eit knappheitsgode i byane; vi som er «inne» i marknaden sit på verdiar som stadig aukar. Samstundes blir vegen inn stadig blir lengre for dei som ikkje eig. Over heile Europa har bustadmarknaden utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste drivkreftene bak aukande økonomiske forskjellar. Ulikt arbeidsmarknaden og kapitalmarknaden bidreg politikken til å forsterke – ikkje motverke – aukande forskjellar.
I Noreg er tre utviklingstrekk særleg tydelege: Det eine er store og aukande geografiske forskjellar. I byane har prisveksten over tid vore betydeleg. I distrikta har bustadprisane stagnert, og fleire plassar falle. Det gjer at reisa inn til byen kan bli lengre for dei som forsøker å «byte» ein bustad i ein distriktskommune, med eit bynært krypinn.
Eit anna utviklingstrekk er at prisveksten har variert mellom tiåra. Frå 1950 til 1980 var prisauken moderat, både i by og bygd. Frå midten av 1990-åra har prisveksten skote fart. I 1980 gjekk ei 50 kvadratmeters leilegheit i Oslo for godt under ei og ei halv årsløn. No må du fort ut med fire gjennomsnittlege årsløner for 50 kvadrat i hovudstaden. Det gjer generasjonsskilja store. Unge i byane i dag kan rett og slett ikkje rekne med å bu like bra som foreldra gjorde.
Det tredje er tydeleg klassedeling. Innbyggarar med låg løn blir pressa ut av bysentrum, og over på ein leigemarknad med høge prisar og lite rom for å spare. Ifølgje tal frå Eiendom Norge er prisane på bustader i Oslo no så høge at ein sjukepleiar berre har råd til å kjøpe om lag tre prosent av leilegheitene som er på marknaden. I Ålesund er det same talet 44 prosente.
Problema i bustadmarknaden er i hovudsak politisk skapte. Bustadsektoren syner kor ille det kan gå når partia lyttar til ulike særinteresser framfor å representere heilskapsomsyna. Tempoet i bustadbygginga er lågt, produktiviteten i bygg og anlegg svak. Vi bygger for lite, og ofte er årsaka at det tar lang tid å planlegge og bygge – og motstanden er sterk. Foreslår nokon å bygge høgt og tett, blir det haraball i villastroka og i deira politiske vennesameining (Høgre). Kjem ideen om å ta litt av den urørte naturen rundt byane i bruk, er SV, MDG og Venstre klare til å lenke seg fast i busker og kratt. Om nokon tenker tanken på å bygge ei blokk på eit stykke dyrka mark, er Bondelaget med søskenbarn (Sp) klare til å male fanden og hungersnauda på veggen. Og då har vi ikkje ein gong nemnt gleda ein god byråkrat får over eit skikkeleg velformulert vedlegg til teknisk byggeforskrift.
Her er vi tilbake til Ricardos dystre spådom. Dei av oss som er på innsida – eigarar av bustader i byane – tener stadig meir på å berre forvalte eigedommen vår. Skattesystemet er designa for å forsterke, ikkje jamne ut, fordelane ved å allereie eige. Regelverket gjer det stadig vanskelegare å bygge meir – slik får bustadane vi eig, enda større verdi. Tragedien er at venstresida er meir bekymra for å sleppe bustadbygginga fri, enn dei er for dei sosiale konsekvensane av aukande bustadprisar. Høgresida er meir opptekne av å unngå at «sjøgløtt» og «ettermiddagssol» blir bygd igjen, enn av å jamne ut sosiale forskjellar.
Bustadmarknaden er ei alvorleg utfordring for den norske samfunnsmodellen. Den sosiale mobiliteten vi har tatt for gitt i fleire generasjonar, står på spel. Blir byane eit sosialt akvarium for dei med høge inntekter, og distrikta eit synkehol der kroner investert i bustad når som helst kan forsvinne, risikerer vi ikkje berre å forsterke sosiale forskjellar – vi kan ende med å sementere klasseskilje over tid. Tida er inne for at partia – alle i hop – ryddar kjepphestane vekk frå byggeplassen. Skal vi bygge ned bustadmangelen, må vi bry oss litt mindre om dei av oss som allereie er på innsida.