Kulturlivet har, som dei fleste andre sektorar, hatt ein hard vår. Då det norske samfunnet gjekk i korona-modus i mars, måtte musikarar avlyse konsertar, teatera stengde, utstillingsopningar vart utsette, og kinoane stod brått tomme. Også det frivillige kulturlivet vart råka, ein kunne ikkje ha kor- eller korpsøvingar, og viktige inntektskjelder som loppemarknader forsvann. Sjølv med oppmjukingane som kom i mai og statlege krisetilskot, er det langt tilbake til normalen. Men samstundes med at regjeringa mjuka opp korona-tiltaka, kom Kulturdepartementet med eit anna gledeleg nyhende, som på lang sikt er mykje viktigare: Regjeringa vil likevel ikkje overføre ansvaret for kulturmidlane til fylka som ein del av regionreforma.
Då regionreforma vart vedteken, var det meininga at dei nye regionane skulle få fleire oppgåver frå staten. I 2018 føreslo eit ekspertutval at hovuddelen av dei statlege kulturmidlane skulle desentraliserast og verte ei oppgåve for regionane. Fylka skulle dele ut driftsmidlar til kulturinstitusjonar som museum, teater og orkester, og utlyse søkbare tilskotsordningar. Staten skulle berre sitje att med ansvar for nokre få aktørar som vart definerte som «nasjonale». Ifølgje utvalet si liste låg alle desse nasjonale institusjonane i hovudstaden.
Protestane frå kulturlivet lét ikkje vente på seg. Fleire meinte at det var arrogant av utvalet å ikkje forstå at også institusjonar i resten av landet kan ha eit viktig nasjonalt oppdrag. Kulturleiarar utanfor Oslo uttrykte også frykt for at ei overføring til regionane skulle resultere i at institusjonane fekk dårlegare vilkår enn i dag. Sidan eitt av argumenta for regionreforma var å delegere makt til fylka, såg dei det som lite sannsynleg at staten ville øyremerke midlane til kultur. Og dersom midlane ikkje er øyremerkte, vil det alltid vere fare for at politikarane ikkje prioriterer å bruke budsjettauken på kultur, men bruker pengane på andre oppgåver i staden.
Det vart også stilt spørsmål om korleis ei desentralisering av midlane til Kulturrådet skulle kunne skje på ein måte som sikra eit framleis godt kulturtilbod landet over. Kulturrådet har eit nasjonalt overblikk over kulturfeltet, og utvalsrepresentantar frå heile Noreg syter for fagleg spisskompetanse innan alle kunstfelt. Organisasjonsforma gjer at dei kan støtte opp under ulike tendensar og utrykk, som sikrar variasjon og utvikling.
Truleg ville det vere vanskeleg for fylka, med ein langt mindre administrasjon, å oppretthalde ein tilsvarande fagkompetanse. Dersom kvart fylke skulle ha sitt eige kulturråd, ville ein dessutan miste det nasjonale perspektivet. Midlar ville verte delte ut med utgangspunkt i eigen region, utan at ein visste kva dei andre fylka prioriterte. Dermed kunne ein risikere at alle fylka gav midlar til same type prosjekt, der i verste fall ingen hadde særleg nasjonal interesse, og at ingen tok på seg finansieringa av nyskapande, kontroversielle uttrykk, som må til for å drive kunsten framover.
Til no har fylka hatt mindre pottar med eigne kulturmidlar, men det varierer mykje korleis kultur vert prioritert og jobba med i dei ulike fylka. Interessant nok viste høyringsrunden at heller ikkje alle fylka var positive til å få overført større midlar og ansvar for kultur.
Summen av protestane frå kulturlivet og fylka sin skepsis, gjorde at regjeringa i mai annonserte at dei har valt å snu i denne saka. Sjølv om kulturlivet nok kjem til å slite med korona-effekten i lang tid, så kan dei i det minste gle seg over at staten også i framtida skal ha hovudansvaret for at nordmenn i alle deler av landet skal verte sikra tilgang til eit variert og rikt kulturliv.