Det var ei tid då det ikkje fanst kanalar. Då NRK var alt vi hadde på tv-en. Det var føreseieleg og greitt: måndagsfilm på måndag, fjernsynsteater på tysdag (ofte finsk), komikveld på onsdag (som regel amerikansk), serie på torsdag (gjerne australsk med nynorsk teksting), og så var det Detektimen på fredagane. Alle samla seg framføre tv-en og såg Colombo og Kojak, via Helgenen til Miami Vice. Dagane vart avslutta med Kveldsnytt før det norske folket fekk blidt beskjed frå hallodama om å legge seg klokka 23.00.
Alle vaksne såg på nyhenda. Og det vekte stor forarging dersom nokon fann på å ringe midt i Dagsrevyen. Det fanst svensk TV, som folk på austlandet fekk sjå; og etter kvart vart det nokon som fekk parabol i bygda, og klarte å kome seg inn på Sky Channel med Pat Sharpe og Coca Cola Eurochart Top 50. I byrjinga av 1990-åra kom TV2, og deretter har det eksplodert i kanalar og eit mylder av ulike strøymetenester.
Medieundersøkinga i 2020 viser at 73 prosent av oss framleis er innom NRK for å sjekke nyhende dagleg. Dette er vi vaksne. Vi som framleis set pris på papiraviser. For born og unge blar knapt i tradisjonelle aviser ifølgje undersøkinga Barn og Medier 2020. Berre seks prosent av dei unge seier at dei ofte les i papiraviser, og 56 prosent les aldri papiraviser.
I den same undersøkinga kjem det likevel fram at 91 prosent av alle 9–18-åringer les, høyrer eller ser nyhende ofte eller av og til. Dei yngste ser på NRK Supernytt, men etter kvart forsvinn dei over på heilt andre medieplattformar der det mest populære er nyhende innanfor underhaldning og sport.
Det er på Snapchat og YouTube dei helst finn nyhendestoffet sitt. Dei får med andre ord nyhende styrt av algoritmar som påverkar innhaldet basert på kva dei har søkt på før og kva dei har likt. Og dette er oppskrifta på eit nyhende-kosthald som i verste fall gir mentale mangelsjukdommar.
Tellef Raabe peikte i Aftenposten på det problematiske ved at «leirbålet» sloknar – at vi ikkje lenger får eit godt og grundig felles informasjonsgrunnlag. Det er lenge sidan vi sat samla rundt bålet og såg dei same nyhenda, den same underhaldninga og dei same seriane på barne-TV. No finn vi informasjon overalt i eit landskap av fake news og ekkokammer, der meir og meir av kvalitetsjournalistikken ligg bak betalingsmur. Dette må til for å klare å finansiere journalistikken, men faren er at vi etter kvart får eit skilje mellom dei som tek seg råd til å abonnere og dei som ikkje gjer det.
Det er difor endå meir urovekkande når ein ser at dei fleste norske 15-åringar ikkje gjer reelle vurderingar av om en tekst er truverdig. I nordisk samanheng er det berre dei islandske elevane som er dårlegare enn de norske i kritisk tenking og kjeldekritikk. Og aller dårlegast stilt er det hos gutane med låg sosioøkonomisk status.
Skulen får – som alltid – ei svært viktig rolle. I haust – midt i all koronaen – er det innført nye læreplanar der det mellom anna skal leggast meir vekt på demokrati og medborgarskap. Elevane skal lære om føresetnader, verdiar og spelereglar for eit demokratiet. Dei skal også få forstå samanhengen mellom demokrati og sentrale menneskerettar som organisasjonsfridom, stemmerett og ytringsfridom.
Dersom leirbålet sloknar, får skulen og lærarane eit stort ansvar for å eksponere born og unge for kunnskap som utfordrar eigne sanningar og eige verdsbilete. Og det kan, som vi såg i Frankrike, i verste fall gå på livet laus.