I Sør-Afrika, som mange andre stader i verda, kjem bustadadresse både med status og stigma. Mange som bur i mindre privilegerte område i Khayelitsha, og liknande område, har store problem med å få jobb, nettopp fordi arbeidsgivarar ser ned på dei som bur i slike område. Områda er for eksempel assosierte med mykje kriminalitet, dårleg infrastruktur og avgrensa tilgang til transport. Vi treng ikkje fleire rundt i verda som held ved lag stigmatiserande uttrykk om område som menneske bur og lever i.
25. mars blei eg gledeleg overraska over å sjå at Urix skulle ha eit innslag frå Khayelitsha, eit område i Cape Town, Sør-Afrika, der fleire av dei nære vennene mine bur, nettopp fordi eg er uroa for menneske som vil bli hardare ramma og har dårlegare føresetnader for å klare seg under pandemien. Eg har sjølv vore på besøk der mange gonger dei seks åra eg budde i Sør-Afrika, både på dagsbesøk og overnattingar. Khayelitsha har mykje å by på; blant anna ligg favorittbakeriet mitt der, drive av Lufefe Nomjana, som starta eit spinatbakeri i bakgården sin. Det er no blitt ein stor suksess. I tillegg er det fleire kulturelle tilbod og kunstscener i området.
Khayelitsha er ein stor township med mange utfordringar, sett saman av ulike bustadområde. Det finst område med fine hus, gjerde, hagar og med fine bilar i garasjen, område med meir utprega fattigdom, og dei fattigaste områda, der husa oftast er bygde av lettare tilgjengelege materialar som plankar og bølgjeblekk. Her er det store problem med blant anna mykje kriminalitet, vald og overbefolkning. Det er også svært avgrensa tilgang på reint vatn og gode, trygge toalett, og kvinner er ekstremt utsette for til dømes valdekt når dei går på fellestoaletta som er sette opp. Men ingen eg har møtt i Sør-Afrika bruker nemninga ‘slum’.
Ordet ‘slum’ er gjennom historia brukt av menneske med makt i ein sterkare sosioøkonomisk posisjon til å skildre urbane område der fattigdom og kriminalitet er store problem. Ordet marginaliserer befolkninga som bur der, og tek frå dei makt og integritet. I tillegg avgrensar det sterkt sosial inkludering. Eg blei derfor djupt skuffa over Urix og reportasjen som bevisst omtaler område i Khayelitsha som ‘slum’; og da filmar dei ikkje eingong i dei mest belasta områda.
Menneska som stiller opp til reportasjen omtaler ikkje nabolaga sine som ‘slum’ sjølve. Kven har gitt oss løyve til å kalle husa deira ‘slum’? Eit nedverdigande ord, som både skaper ekstrem stigma, men som også er brukt i typisk «poverty porn» for å lage sensasjon av kvardagen andre lever i. Dette er ikkje eit NRK-problem, men eit haldningsproblem generelt i samfunnet. Paradokset er at NRK innleier sendinga med at vi i kveld skal til «slummen i Sør-Afrika, fattigområda i favelaene i Brasil og India …» Kunne dei ha innleidd med «fattigområda i township-ane i Sør-Afrika» også?
Eg er ganske sikker på at familien NRK besøkte i «slummen i Sør-Afrika», hadde vaska og reingjort huset for tv-besøk og gjorde det kva familie som helst hadde gjort om dei får tv på døra. Dei ønskjer å vise seg frå si beste side, sjølv når dei deler problema dei har under denne pandemien. Dei bur i eit hus som er tett, med tv og sofa. Ja, dei bur i eit vanskeleg og utfordrande nabolag, og det er viktig å kaste lys på dei problema dei møter, men dei bur også med verdigheit, integritet og menneskeleg stoltheit. Det gjer derfor ekstra vondt å sjå at husa deira blir omtalte som ‘slum’.
Dei aller fleste er bevisste om måten vi omtalar andre menneske på, kva ord og omgrep som er aksepterte. Vi bør derfor i tillegg tenkje på kva omgrep vi bruker for å skildre område vi lever i og kjem frå, for mykje av identiteten vår som menneske heng saman med kvar vi kjem frå, og kva adresse vi bur på.