Okei, eg skal vere heilt ærleg med deg: Eg er dritlei av ordet korona. Du har alt frå korona-ekspert, korona-kropp, korona-ditt og korona-datt. Eit augeblikk lever vi vårt beste liv, det neste kjempar vi om dopapir. Likevel så sit eg her på min faste plass ved middagsbordet heime hos foreldra mine, som eg no har fått lov til å gjere om til mitt midlertidige heimekontor, og følgjer med dag inn og dag ut. Følgjer med på mørketala, alle dei raude, kraftige grafane som representerer verdsbilete og oppdaterer meg med jamne mellomrom.
Då regjeringa for litt over éin månad sidan tok kraftig tiltak og stengte alle utdanningsinstitusjonane, fekk eg sjokk. Eg visste at viruset som seinare blei erklært ein pandemi, ville gi konsekvensar, men hadde ikkje trudd at det ville gå så langt. Før eg visste ordet, pakka eg med meg både PC-en og alle lærebøkene mine med på et fly heim til Stordal og såg fram til ei tid med mykje usikkerheit.
Den siste månaden har usikkerheita sakte men sikkert gått over til refleksjon. For det første har det gått opp for meg kor avhengige vi menneske er av kvarandre. Vi har ein tendens til å sjå kvarandre som enkelte øyar – anten som individ, eit samfunn eller ein nasjon – men vi er i aller største grad bundne til kvarandre i mykje større grad enn det bevisstheita vår kan fatte. No som store delar av verdas befolkning er blitt sett i karantene og sjølvisolasjon, er det tydelig at vi ikkje klarer å leve kvar for oss mellom fire vegger og stengde landegrenser. Vi har eit stort behov for å dele kunnskap, kjensler og nærvær med kvarandre.
For det andre har det gått opp for meg kor viktig forsking innanfor medisin, naturvitskap og samfunnsvitskap er. År etter år blir det gitt millionar til ulike forskingsprosjekt, men det blir ikkje sett av nok pengar i forhold til det vi treng på verdsbasis. Når ein pandemi på så stor som den vi opplever no, dominerer kvardagen vår, snur vi oss ikkje til finansmenn eller kjendisar, men heller til forskarar, helsepersonell, sosionomar, omsorgsgivarar, butikkmedarbeidarar, transportørar og folk i andre samfunnskritiske yrke som risikerer livet sitt på vegner av fellesskapet. Dette er kvardagsheltar som jobbar på spreng for å oppretthalde siste snev av normalitet i den surrealistiske kvardagen vår.
Samstundes har eg innsett at det å ha råd til å sitte i karantene utan livstruande konsekvensar, er eit privilegium. Jo, det får store økonomiske konsekvensar, og du må stramme inn på område som du helst ikkje ville gjere det på, men som du no er tvinga til. Dette står likevel i sterk kontrast til den situasjonen mange andre er i, der dei til dømes er fråtatt all inntekt og blir tvinga ut i arbeid trass for helserisikoen dei set seg sjølve og andre i. Det å ha råd til å hamstre mat for ei veke, ha tilgang til gode helsetilbod og ha ein trygg plass å bu er eit undervurdert privilegium mange ikkje har.
Eg ville helst ikkje vere enda ein person som ytrar meininga mi om viruset alle snakkar om, men koronaviruset har på mange måtar tydeliggjort kor lett vi blir påverka kognitivt, økonomisk, sosialt og politisk i tillegg til fysisk og mentalt. Spørsmålet er om vi kjem til å hugse dette når helsekrisa er over og viruset ikkje lenger dominerer mediebildet?