Kvar gong eg køyrer over Stavsengfjellet kjenner eg på kor irriterande det er å krysse kommunegrenser to gonger i løpet av nokre få kilometer. Før var det Stordal-Stranda-Norddal. No er det, om mogleg endå meir absurd, Fjord-Stranda-Fjord. Kommunesamanslåinga mellom Stordal og Norddal er og blir halvgjort jobb.
For nokre år sidan var det ein Møre-jarl ute på Dyrkorn som agiterte for «Sunnmøre eige fylke». Somme tykte han var ein tulling, medan andre likte det han ivra for. No er denne draumen i ferd med å verte realisert bakvegen; Nye Ålesund har alt fire småkommunar i magen, så no tek dette til å likne på «(i alle fall Nordre) Sunnmøre eigen kommune». Heller ikkje her manglar det på pussigheiter, sidan dei to næraste naboane til byen, Sula og Giske, ikkje ville vere med på moroa. Men det spørst kor lenge dei klarer eller vil halde friaren frå døra.
Eg skriv med vilje «eller vil», for det er jo mange i småkommunar som meiner at det er ein god idé å verte med i ein større. Viss ikkje hadde det ikkje vore mogleg å få Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy inn i Nye Ålesund. For alt eg veit kan det vere mange inne i fjordane også som meiner at det er like greitt at småbygdene inst inne vert med i nye Ålesund. I så fall vil truleg det luraste dei kan gjere, vere å sitje heilt stille og vente. For dersom kreftene vert brukte på å rekne brøk på stillingar mellom Stordal og Valldal, er det berre eit tidsspørsmål før konstruksjonen bryt saman og dei fleste dreg eit lettelsens sukk når storebror kjem og tek over.
Dei som derimot meiner at småbygdene som ligg ein time og meir frå byen, bør styre seg sjølve, må gjere noko aktivt. Dersom Fjord kommune skal vere liv laga, må han nemleg verte noko som i kraft av seg sjølv står som eit tydeleg og vitalt alternativ til å verte ein del av ein utvida by. Då må ein lyfte blikket og tenkje litt større, bokstaveleg tala. Eg les at Stranda og Sykkylven har laga ein intensjonsavtale om samanslåing av dei to kommunane. Dette hadde ikkje skjedd dersom strandarane hadde vorte inviterte inn i reelle forhandlingar i første runde. Då var det sterke krefter som ikkje ynskte «den vesle storebroren» ved bordet.
Men det er ikkje for seint å strekkje ut ei hand. Stranda, Geiranger, Liabygda og Sunnylven høyrer naturleg med i den geografien som Fjord kommune ynskjer å byggje biletet sitt i. Dette knippet med grisgrendte bygder er ein tydeleg kontrast til byen der ute. Og det er no det må skje, for viss Stranda går til Sykkylven, er løpet køyrt. Håpet ligg i at strandarane truleg aldri vil vere komfortable med å verte styrde frå Vik.
Men kva så med brøkrekninga? Kvar skal kommunesenteret i «Nye Fjord» liggje? Eg meiner det bør liggje i sentrum. Det vil seie i Liabygda. Dit er det kort veg frå alle dei tre gamle kommunesentera og ei mektig utsikt over nettopp fjordane. Og ikkje minst: Ingen er redd for liabygdarane. Dei kjem ikkje som tjuvar om natta for å røve makta frå dei andre. Dette er nøytral grunn som det kan byggjast noko nytt og friskt på.
Så kanskje ein dag vil eg kome køyrande forbi Ringset medan eg fyrst lyfter blikket mot Skrednakken, som vart motiv for det nye kommunevåpenet, og så ser eg skiltet med avkøyring til rådhuset medan eg tenkjer: Ja, dette er Fjord kommune!