Noko av det viktigaste i eit demokrati er offentleg debatt basert på informasjon som er tilgjengeleg for alle. Vi kan også seie det motsette: Når eit samfunn ikkje tilèt fri meiningsutveksling og dei som sit med makta hindrar at informasjon om samfunnet når ut til folk flest, vert det umogleg å halde oppe ei demokratisk styreform. Då endar vi fort opp med autoritære styre av eitt eller anna slag, der folket må passe seg så dei ikkje kjem på kant med dei som styrer. Dei styrande held på makta ved å hindre ein fri debatt og forsyner folket med forvrengt informasjon som ingen kan sjekke gyldigheita av.
Det mest ekstreme dømet i vår tid er nok Nord-Korea, eit land som vert drive som ei slags familiebedrift med dyrking av grunnleggjaren av staten som ein gud og etterkomarane som halvgudar. Dette hadde ikkje vore mogleg om informasjonen i landet kunne flyte fritt og folk utan otte kunne organisere seg og stille til val.
Nord-Korea er eit ekstremt døme, men landet er ikkje åleine i denne klubben. Vanlegvis oppstår slike styresett i relativt fattige land med svake samfunnsstrukturar, men dei siste åra har vi vore vitne til at eit land som vi aldri kunne tru noko slikt kunne hende i, har ramla ut på ein farleg veg som kan skremme vatnet av dei fleste: USA. President Trump kom til makta ved å hausse opp motsetnader mellom by og land, mellom fattige og rike og mellom kvite og folk med andre hudfargar. No kunne vi kanskje seie at amerikanarane berre fekk det dei fortente: Viss dei ikkje klarer å skilje skitt og kanel i politiske debattar, så får dei akseptere å leve med ein galning ved rattet nokre år. Men så enkelt er det ikkje. Trump brukar nemleg grep som er velkjende frå land som har gått frå normale styresett til diktatur, det vere seg venstre- eller høgreekstreme styreformer, til å halde på makta og til å endre samfunnsstrukturen varig.
Det er her ordet «Lügenpresse» kjem inn. Det var eit ord som nazistane i Tyskland brukte på 1930-talet om medium som var imot dei. Radioen hadde så vidt kome i bruk på den tida, men i hovudsak gjaldt retorikken avisene: Aviser som skreiv noko negativt om nazi-partiet, fekk stempelet «løgn-presse» og fekk smake sensuren og etter kvart det som verre var. I vår tid heiter det «Fake News» frå mannen i Det kvite hus. Alle nyhende som Donald Trump ikkje likar, kallar han forfalska (fake). Og dei som skriv dette som han kallar forfalska, kjem frå det han forakteleg kallar «Mainstream Media», som er eit samlebegrep for nesten alt i amerikanske medium av alle slag. I hans hovud er altså «alle» imot han, og han brukar den same aggressiviteten i angrepa på media som tretti-åra var prega av: Den som er sterkast, skal bestemme, og nåde den som seier han imot! Dette er ikkje demokrati, det er fascisme.
Eit sitat som vert tillagt fleire kjende personar, derimellom den franske statsministeren Georges Clemenceau og den britiske kollegaen hans, Winston Churchill, er: «Du kan alltid lite på at amerikanarane landar på den beste løysinga. Etter å ha prøvd alle andre utvegar». Vi får vone at denne påstanden held seg opp att denne gongen også. USA har sterke institusjonar som er laga for å kunne halde dei som er valde inn i maktposisjonar i øyrene. Dei skal ikkje vere kongar eller keisarar som kan gjere akkurat som dei vil, men folkevalde representantar for nettopp folket. Men eg er redd hausten kan bli stygg.