Det ligg faktisk 1100 småbruk i miniatyr fordelte på ni kolonihagar midt i hovudstaden.
Den aller eldste av kolonihagane ligg rett nedanfor Sinsenkrysset. Her fekk eg i 2005, etter fem år på venteliste, kolonihagehytte og 250 m2 hage med fem frukttre, like mange bærbuskar og blomstrar og staudar eg ikkje ante namnet på
Kolonihagane i Noreg oppstod i Oslo på byrjinga av 1900-tallet. Den gongen kunne barnerike og trongbudde småkårsfolk få seg ein hagelapp midt i byen for å dyrke grønsaker, frukt og bær. Nokre hadde kaninar, gris og høner. Dei første åra var det berre lov å setje opp enkle skur på parsellane, men etter kvart vart det lov å byggje små overnattingshytter. Den mest kjende kolonihagehytta er nok Portveien 2 som fleire kanskje hugsar frå barne-TV på 1980-talet.
Alle som har lyst, og som har adresse i Oslo, kan setje seg på venteliste for å kjøpe kolonihagehytte. Det er sett tak på hytteprisane for at kven som helst skal ha råd. Prisane ligg stort sett mellom 100 000 og 250 000 kroner. Dette er om lag like mykje som det kostar for to-tre kvadratmeter leilegheit i Oslo.
Det er berre hytta kolonistane kjøper og eig. Tomtene betalar vi festeavgift for til Oslo kommune. Kolonihagane er faktisk ein del av dei offentlege parkane i Oslo, og det er difor krav om at vi som bur der, må ha alt på stell i hagen. Er det løvetann i plenen, eller gras i grusgangen, risikerer du å få ein lapp i postkassa frå styret med beskjed om å rydde opp. Frå 1. april til 1. oktober kan du bu i hytta. Do og dusjar er i fellesanlegga, sjølv om fleire har investert i hyttedo. Om vinteren er portane inn til kolonihagen låste for sesongen.
I tillegg til kolonihagane er det også meir enn 1000 parsellar til å dyrke på i byen. Då det nyleg vart skipa eit parsellkollektiv for dyrking i Bjørvika – eit område midt i trafikk og anleggskaos – søkte 3800 om å få ein av dei 100 parsellane. Det har vore ein eksplosjon i interesse for hage og dyrking av mat dei 10–15 åra. Ein kollega av meg sette seg nyleg på venteliste for kolonihagehytte – og fekk beskjed om at han stod på 6174. plass i køa. Ventetida er nær tolv år, men åra går fort og plutseleg er ein øvst på lista.
Eg reddar verken verda eller næraste familie med avlinga i kolonihagen min. Men desse siste vekene trur eg at tilgangen på ein liten hage i full fruktblomstring og årets første asparges har redda minst éin familie frå brakkesjuke denne våren.