Våren er her. Til vanleg ei årstid fylt av lys og varme, gode klemmar, ein og annan utepils. Ei tid der vi nordmenn kryp ut av dei tjukke jakkene og fram frå mørke, koselege hus. Ei tid der vi kastar litt hemningar, har det litt ekstra kjekt. Det går jo mot sommar, ferie og familietid. Det går jo mot lysare tider.
Men så er det jo litt annleis akkurat i år. Med dei strenge tiltaka som framleis pregar samfunnet, går mange mot mørkare tider. Kanskje då særleg for dei bransjane som er avhengige av at folk er saman, av at folk reiser og av at folk vil oppleve ting. Mange av våre bransjar. Reiselivet vårt. Sommaren er høgsesong for turistar til vårt område, og vi treng dei. Utan turistane ville det nok ha vore tynt med folk på Indre Sunnmøre. Men det ser ut til at turistane, i alle fall dei som vi faktisk tener pengar på, uteblir i år. Det skaper rom for forandring og nyskaping.
Vi har fått ei gyllen moglegheit ut av denne merkelege situasjonen. Ei moglegheit til omstilling. Vi har no ein situasjon som tvingar oss til å tenkje nytt, til å skape nye moglegheiter og til å tilpasse oss. Det er nødvendige eigenskapar både for einskildpersonar og bedrifter i framtida. Det er kanskje lett å gløyme når korona klistrar seg ut over alle nettaviser, men verda har fleire og meir alvorlege problem enn dette som vil prege verda i framtida. Klimakrise, fattigdom, utrydding av arter vi er strengt avhengige av. Dette er problem vi ikkje kan løyse utan ei omstilling eller endring i måten vi lev liva våre på.
Det er lett å fortsette i den gamle tralten. Det er lett å skulde på at økonomien hindrar oss frå omstilling, eller at folk ikkje ynskjer andre tilbod enn det vi har akkurat no. Men er det noko dei siste vekene har vist oss, er det at dersom det finst vilje, og om vi blir truga nok, kan alt gjennomførast. Den dagen vi forstår av vi ikkje er udødelege, blir alt mogleg. Og kanskje er vi akkurat der no. Omstilling kostar og krev mykje av oss, men gevinsten der framme for dei som lukkast bør vere freistande nok til at ein prøver. Den gevinsten er nemleg lysare tider ein gong der i framtida.