Sidan eg var barn er eg blitt fortald at eg er heldig, for Noreg er det beste landet i verda å bu i. Vi får inn med teskei kor godt vi har det. Det å liggje bekymringslaus på sofaen, eller det å ha ein skule å komme heim frå, er to privilegium svært mange ikkje opplever i livet. Det er da klart at også andre vil bu i Noreg.
Ganske så ignorant og sjokkert var eg da eg som 23-åring fekk ein heil gjeng med afrikanske venner, dei fleste oppvaksne langt under fattigdomsgrensa, somme utan skulegang eller foreldre. Aldri i sitt liv kunne dei i det heile drøyme om å bu i Noreg. Det var for kaldt, sa dei. Og ølen er altfor dyr. «Nooo, Norway is cold, man», sa dei. Mange spurde også om Noreg er ein by eller eit land ein stad.
Kanskje det beste landet i verda å bu i også er verdas beste land å bu i nettopp fordi det er heime?
Vi seier «borte bra, men heime best», for det er jo heilt fantastisk å kunne bu utanlands ei stund, få litt nye inntrykk på netthinna og ny mat i nebbet. Men det er jo godt å komme heim også – til det vi opplever som trygt og kjent. Venner og familie.
Det er det viktig å hugse på når vi hører om menneske som er på flukt. Dei er ikkje på reise, og dei søkjer seg i utgangspunktet ikkje til nye og spennande inntrykk. Dei reiser ikkje fordi dei vil, dei reiser fordi dei må. Dei aller fleste veit ikkje kvar Noreg er eingong, og dei har ikkje alltid eit tydeleg mål, anna enn å vere trygge og å kunne skape eit betre liv med betre moglegheiter og ei betre framtid for barna sine.
No som Trump og resten av sirkuspolitikken i USA dominerer det meste av spalteplassen for utanriksnyheiter, må vi ikkje gløyme at vi framleis står midt i ei humanitær krise. Vi omtaler «flyktningkrisa› i 2015 som om ho er over. Det er ho langt ifrå. 9. september vakna vi opp til at det verst tenkjelege hadde skjedd. Moria-leiren på Lesvos hadde brunne ned. Det var verre enn nokon gong, blei det sagt. Men dei som har jobba der, dei som lever der, og dei som har følgt med i media, veit at det har vore verre en nokon gong mange gonger før.
Verre enn nokon gong var det for eksempel då barn heilt ned i tiårsalderen dreiv med sjølvskading og tok livet sitt; og verre enn nokon gong var det då familiar døydde av kolosforgifting då dei prøvde å ikkje fryse i hel i telta sine om vinteren. No er det altså nok ein gong verre enn nokon gong, og Noreg kjem på banen og skal trå til med den sterke dugnadsånda si.
Erna har bestemt at Noreg skal ta imot heile 50 personar. 50 personar er ingen dugnad. Og det er ingen dugnad som gagnar fellesskapen. Kommunane roper at dei har plass til fleire, men Ernas regjering er redd for ein signaleffekt. Tek vi inn «fleire enn nødvendig», vil vi verke for generøse; da vil fleire høyre om Noreg og ønskje å komme seg hit. I tillegg er ein twist i debatten at det å ta imot Moria-flyktningar vil gå utover det allereie beskjedne talet på 3000 årlege kvoteflyktningar.
Kven skal vi da prioritere? 3050 kanskje? Det er det minste vi kunne ha gjort i dugnaden. Menneska som først mista alt i heimlandet, bur no til og med utan telt, under omstende som bryt totalt med menneskerettane. Men vi må trå varsamt seier Ernas regjering, for alle vil jo til Noreg. Nei, Erna, alle vil ikkje til Noreg. Dei fleste hadde dratt heim, til det trygge og kjende, om det i det heile var mogleg.