«Tipper han bruker helgen til å følge skøyteløp, sender brev, samler frimerker, bruker fasttelefon og spiser kjøttkaker hver fredag. Få andre ting er like utdatert som nynorsk.» Blant alle gratulasjonane som strøymde inn i eit kommentarfelt på Facebook, var dette ei av ytringane som tikka inn under nyheitssaka om den nyvalte leiaren i Noregs Mållag. 26. april valde eit digitalt landsmøte Peder Lofsnes Hauge (31) frå Nordfjordeid som leiar. Synnøve Marie Sætre (29) frå Ørsta er ny nestleiar. Landsmøtet kunne ikkje valt betre, spør du meg. Ein ung leiarduo er nett det Mållaget treng.
Ikkje for å kimse av den innsatsen som eldre målfolk legg ned. Eg hadde ein gong gleda av å møte den no avdøde Hans Olav Tungesvik. Sjølv om det var vel 60 år mellom oss, hadde vi til felles å vere kristendemokratar og målmenn. Eg gløymer aldri at han sa til meg at «provet på at også ein KrF-ar kan vere radikal, er nettopp målsaka. Og målfolk, dei er radikale livet gjennom.»
Mykje av tida til eit målmenneske går ut på å vere myteknusar. Til dømes overfor folk som skreiv kommentaren over. Heldigvis er det ein stereotypi det går an å le av. Humor har gjerne ein avvæpnande effekt. Eg veit i alle fall at eg ikkje hadde meldt meg inn i Målungdomen som 17-åring, om eg ikkje hadde sett «Noreg über Alles» (søk opp i NRKs nett-TV om du ikkje har sett den).
Eg synest òg det er heilt greitt at nynorskkommunen Ålesund (tenk det!) har fått 37 klagebrev fordi fakturaen for eigedomsskatt følgeleg har gått ut på det nye administrasjonsmålet. Krav om eigedomsskatt er vel i utgangspunktet ikkje det hyggelegaste ein kan få i postkassa. Men at Sunnmørsposten omtaler desse 37 klagene som ein «klagestorm», er litt vanskelegare å forstå. Ålesund har trass alt over 65 000 innbyggarar.
Det eg ikkje synest er greitt, er når unge ikkje føler seg gode nok som språkbrukarar. Kvifor er det ingen som fortel 15-åringen frå Stordal eller Stranda at ho er god nok som nynorskbrukar når ho skal begynne på VGS i Ålesund? Det å finne ein indre språkleg sjølvtillit er ei stor oppgåve. Spesielt for nokon som skal navigere seg gjennom eit nytt miljø, der det å skilje seg ut kanskje ikkje er det du vil gå for. Det er eit for stort ansvar å legge åleine på ein ungdom. Den språklege sjølvtilliten må byggast, og han treng støtte.
Om du klarer det gjennom VGS i Ålesund, klarer du det også den dagen du blir student på Universitetet i Oslo. UiO har nemleg bestemt seg for å ikkje gi eksamensoppgåver på nynorsk denne våren. Dei skuldar på korona. Kvifor nokon plutseleg har mista evna til å skrive norsk fordi dei må ha heimekontor, kan ein lure på. Men så anerkjenner plutseleg ikkje UiO nynorsk som norsk heller. På heimesidene deira kan vi lese: «Målform for eksamen vil være norsk bokmål og engelsk. Det vil være anledning til å besvare oppgaven på bokmål, -engelsk, eller øvrig skandinavisk språk (nynorsk/svensk/dansk).» Nynorsk er altså nedgradert til å berre vere eit øvrig skandinavisk språk. Den totalt manglande respekten er ein knyttneve i magen til den språklege sjølvtilliten. Men det er nettopp difor det er så bra at vi har den nye unge leiarduoen i Mållaget. Dei representerer kva nynorsk faktisk er: ungt, relevant, ideologisk kickass og modig!