«Endå eit unyttig parti?» Mannen spaserer vidare, tydeleg nøgd med kommentaren han klarte servere meg. Eg står på Youngstorget, utstyrt med antibac, penn og ein bunke skjema. Øvst på skjemaet står det ein logo – ein sommarfugl. Under står det: «Undertegnede ønsker at PARTIET SENTRUM skal bli registrert som politisk parti i Partiregisteret, i henhold til partiloven § 2 og § 3.»
Som medstiftar i Sentrum er det éin ting som står i hovudet mitt: Vi må skaffe 5000 underskrifter. Ikkje på Facebook. Ikkje med bank-ID. Ikkje ein gong skanna underskrifter held. Her snakkar vi om 5000 fysiske og originale underskrifter. Det er det som må til for å bli godkjent som politisk parti i Noreg. Det er sikkert greitt at det er eit visst tak ein må bryte gjennom for å få godkjent-stempelet. Men med dagens teknologi burde det vere mogleg å ha eit digitalt alternativ. Nok om det. Tilbake til Youngstorget.
«Det kjem an på kor mange røyster vi får», seier eg etter han og ler så høfleg eg kan. Han vinkar avvæpnande tilbake. Dei som er nyfikne, spør kva vi står for, og kvifor vi treng dette partiet. Eg har i lang tid sakna noko i norsk politikk. Det er det fleire av oss som har. Vi ønsker eit parti som sameiner dei gode sakene. Dette handlar om økonomisk utjamning, å ta heile landet i bruk, om å klare klimamåla, om å ha ein human asylpolitikk, og at vi må legge til rette for grønt næringsliv. Dette høyrest kanskje kjend ut frå fleire parti, men neppe i eitt og same. Det er det som er poenget.
Utover dette ønsker vi ei særleg vektlegging på kampen mot utanforskap. Det er altfor lett å sjå utanforskap som noko som handlar om nokre få individ på «utsida». Men i røynda er utanforskap deg og meg når vi av ulike grunnar ikkje står trygt i ei gruppe vi vil eller burde høyre til, når vi er ein stad der vi ikkje kan gi alt vi har å gi. Døme på dette er dei som fell utanfor på grunn av dårleg økonomi eller på grunn av rusproblem. Det er dei 104 000 menneska med nedsett funksjonsevne som vil, men ikkje får jobbe. Det er barn som blir mobba og elevar som fell utanfor vidaregåande opplæring. Når vi som samfunn ikkje set inn kraftigare støyt mot utanforskap, går vi glipp av enorme ressursar. Like viktig er det ein stor urett mot dei det går utover. Dei kostnadane vi burde rekne på, er kva det fører med seg når menneske mistar trua på framtida og på kvarandre.
Sist men ikkje minst, meiner eg vi treng ein ny måte å snakke om politikk på. Eit godt døme på det vi vil til livs, er den typen karakteristikkar som Siv Jensen kom mot ulike politikarar under helgas landsmøte i Frp. Det kan vere freistande å svare henne med same mynt, til dømes «Mobbe-Siv». Men eg meiner vi må vere betre. For eg meiner det trengst eit nytt politisk parti som kan reise desse spørsmåla på ein måte som ingen andre kan. Om Partiet Sentrum er liv laga eller ikkje, blir opp til deg og alle andre å svare på. Dette er eit ope spørsmål til folket.