Den siste veka har fleire av oss hatt feeden vår full av svart-kvitt-selfiar av kvinner på Instagram. Under emneknaggane #challengeaccepted og #womensupportwomen deler millionar av kvinner ein selfie i svart-kvitt og «utfordrar» veninner til å gjere det same. Det handlar også om sjølv-aksept, blir det sagt. Heilt fint det. Problemet er at formålet med emneknaggen var eit høve for kvinner til å setje søkjelys på den ekstreme statistikken over mord på kvinner (femicide) i Tyrkia.
Tyrkia er eit av landa i verda som opplever flest femicides. Og det aukar stadig. Berre i 2019 var det rapportert rundt 500 tilfelle, og det er berre dei rapporterte. Mørketala er skyhøge. Folket opplever at regjeringa gjer lite – eller ingenting – for å løyse problemet. Heller tvert imot, Tyrkia ønskjer å fjerne seg frå delar av Istanbul-konvensjonen, den delen som pliktar landet å aktivt kjempe imot vald mot kvinner.
Kvar dag vaknar tusenvis av kvinner verda over til svart-kvitt-bilete i aviser og andre medium av kvinner som er blitt drepne. Svart-kvitt-selfien skulle vere i solidaritet med tyrkiske kvinner, med bodskapen om at ein sjølv kan vere den neste. Kampanjen er blitt totalt overskygd av kjendisar som legg ut «perfekte» bilete av seg sjølve, der #challengeaccepted er blitt nok ei plattform der kvinner må prestere ved hjelp av utsjånaden sin. Når måtte vi ha ein «Instagram challenge» som unnskyldning for å leggje ut attraktive bilete av oss sjølve? Det har dei fleste kvinner eg kjenner, inkludert meg sjølv, gjort i mange år allereie.
Somme argumenterer for kampanjen med at kvinner «tar eit standpunkt utan å trenge å ytre så mykje». Paradokset er at det signaliserer at kvinner ikkje kan ytre seg utover sin eigen utsjånad. Er det verkeleg berre med hjelp av bilete av kvinner at vi kan ta eit standpunkt? Er ytringar og meiningar frå kvinner ubetydelege om dei ikkje blir fremja via utsjånaden?
Eg har sjølv budd mesteparten av 20-åra i Sør-Afrika, eit land – i likskap med Tyrkia – som opplever ekstreme tilfelle av femicide. Eg har sjølv kjent frykt på kroppen, berre fordi eg er kvinne, og eg har sjølv vakna opp til nyheiter om at veninner er blitt valdtatt, eller kvinner i nabolaget kidnappa og drepne. Det var aldri ei overrasking, men det var alltid like provoserande, hjarteskjerande, og det gjorde meg alltid like sint.
Grunnen til at trenden med vald og drap av kvinner aukar, er mange. Dette er problem som kjem frå omstende langt tilbake i tid, og er eit systematisk problem knytt til undertrykking av kvinner. Det er der vi må grave; det er der vi må finne årsaker og bryte eit mønster. Det er der vi må vise at vi treng ei endring, og finne løysingar og måtar gjennomføre endringar på. Dette jobbar eit titals tusen kvinner og menn med dagleg over heile verda, men det vi veit heilt sikkert, er: Våre selfiar reddar ikkje kvinner i frykt.