Informasjonsbehovet om koronapandemien har vore enormt. Dei første vekene var det sikkert fleire enn eg som klikka meg dagleg inn på statistikken over smitta, innlagte og døde på VG.no og nettsidene til Folkehelseinstituttet.
Stort sett har mediedekninga vore god og grundig, men vi har også hatt meiningslause saker med minutt for minutt-dekning av fly frå Syden: Vil dei rekke heim før midnatt og unngå karantenekravet!? Det var som eit pervertert Askepott-eventyr der alt vert omforma på tolvte slaget: Trygge og friske turistar klokka 23.59, livsfarlege smittebomber klokka 00.01.
Den same absurditeten kunne vi sjå då det førre onsdag vart meldt om karanteneplikt ved reiser til Värmland frå laurdagen. Folk kappkøyrde over grensa for å kjøpe snus, snop og sprit. Er det verkeleg slik at desse sverigefararane trudde viruset sat og venta høfleg i tre dagar før det seig ut i gatene og la seg på lur utanfor Systembolaget? Dei einaste som håper på meir dramatisk minutt for minutt-karantenedekning er antakeleg Hurtigruta. Dei sit så stilt dei klarer i båten, og håper at nokon andre skal tabbe seg meir ut enn dei og slik overta plassen på førstesidene.
På sosiale medium ser vi at mange lærarar er bekymra. Fleire opplever det som paradoksalt at styresmaktene seier at vi no står oppe i den kanskje mest alvorlege helsesituasjonen i vår levetid. Samstundes fortel dei at skulestarten skal vere «relativt normal». Rett nok er det rettleiarar og smitteverntiltak, men håpet om éin meters avstand er i beste fall ravande optimistisk. Ja, meterregelen er oppheva inne i klasseromma mellom elevane, men tilsette i skulen har krav på eit trygt arbeidsmiljø, og hovudregelen er éin meters avstand til andre. Rettleiaren frå Utdanningsdirektoratet er difor klokeleg vage rundt temaet: Lærarane skal «holde avstand til elever hvis mulig».
På nokre skular vil nok dette opplevast tryggare enn andre stader. I Oslo er det mange som engstar seg for å gå inn i klassar på over 30 elevar, og med nye klassar for kvart einaste fag, tronge korridorar og tronge arbeidsrom. Media melder om stadig ny forsking som viser at born er smittespreiarar – eller ikkje, eller jo kanskje likevel. No på seinsommaren vart det klart at det er dei unge, vaksne som smittar mest. Og i dei store byane held alle pusten medan vi ventar på å sjå om det er stor smitteoppblomstring etter fadderveker, skulestart og generell gjensynsglede.
Ser ein på smittetala i Fjord i forhold til Oslo er smittenivået i hovudstaden på eit nivå som ville svart til tolv smitta i heile Fjord kommune. Vi bur tett på kvarandre i hovudstaden, og eg kjenner på at eg bur i eit område der smitte kan spreie seg raskt. Då var det stor trøyst at eg akkurat fekk denne gledelige e-posten:
«Dette er for å informere deg om at eksepsjonell COVID-19 Social Relief nød tildeling av 1.500.000 Euro har blitt tildelt deg av World Health Organisasjon.» Så då får eg i alle fall råd til helsikes mykje munnbind.