Det er mykje ein kan seie om tiltaka som er sett i verk under pandemien, og sjølvsagt er det lett å kritisere det som er gjort, seinare, men kvifor vert pilsing tilsynelatande prioritert over lesing? Situasjonen for alle har vorte drastisk endra, og det ser ikkje ut til at det kjem til å verte som normalt med det første. Men nokre tiltak skulle kanskje vorte prioritert litt høgare? Det er ikkje før no vi har fått eit tilbod om å kunne «bestille» oss leseplassar på lesesalen. Problemet er at det ikkje på langt nær er nok leseplassar til alle studentane som sit og les til eksamen no.
Sjølvsagt kan ein lese heime, men det er noko med å finne roa ein plass ein reiser til for å lese og få konsentrere seg slik ein treng. Det å ha mogelegheita til å møte andre studentar i same situasjon og kunne diskutere eksamensstoffet er noko heilt anna enn å ha møte over nettet. Samtidig kan ein argumentere for at det er vanskeleg å halde seg til smitteverntiltaka, og at det derfor er tryggare at alle les heime. Då tenkjer eg litt som ein på studiet mitt sa: «Eg kan gå ut å ta meg ein pils, men eg kan ikkje vere på universitetet for å lese til eksamen. Kvar er logikken i det?»
Kven passar på studentane sine rettar når det vert ei heilt endra eksamensform for dei fleste? Kjem strykprosenten til å auke, eller kan dette vere ein fordel for studentane? Står vi på eksamen, men manglar viktig kunnskap vi har behov for seinare i utdanninga?
Det sosiale er sjølvsagt viktig, og eg trur alle har full forståing for at folk no treng å kome seg ut og treffe andre, men kvifor er det ikkje gjennomført fleire tiltak for studentane? Dei som mista inntekt på grunn av stengde arbeidsplassar i tillegg til studiet, fekk tilbod om å ta opp meir lån. Noko som er paradoksalt, sidan dei fleste studentane jobbar i tillegg for å ha nok pengar til å betale husleige og andre utgifter. Dei fleste har ikkje ein god økonomi i utgangspunktet samanlikna med andre. Det freistar ikkje så veldig mykje å skulle ha meir pengar å betale tilbake når ein endeleg blir ferdig med studiet.
Heldigvis er det mange som er heldige nok til å kunne reise tilbake til heimplassane sine og bu litt meir komfortabelt. I tillegg har ein kanskje det privilegiet å ha større plass rundt seg, natur rett utanfor og mykje meir friheit enn ein kanskje hadde hatt på ein liten studenthybel.
Situasjonen er vanskeleg for dei fleste, og ikkje alle kan få like høg prioritering like raskt. Heldigvis har vi vore flinke til å halde motet oppe og følgt retningslinjene som er laga. Og det har vi nytt godt av, så får vi håpe at det kan halde fram med positive framsteg og ein meir normal kvardag etter kvart. Her er vi iallfall heldige mange av oss som bur så fritt at vi berre kan gå utfor døra og vere ute i det fri.