I sommar prøvde eg meg som profet og spådde at hausten ville bli stygg. Eg tenkte på det som då stod føre i USA med ein valkamp der det såg ut til å verte lagt meir vekt på siste del av ordet enn fyrste. Nokon stor spådomskunst var jo ikkje dette; eg vil tru at dei fleste tenkte det same. Stygt vart det, men kanskje ikkje fullt så gale som ein kunne ottast. Både det amerikanske samfunnet og resten av verda heng i alle fall førebels saman, sjølv om det knakar i samanføyingane her og der.
Men kampen om valet har vist oss eit fenomen som dei fleste av oss kanskje ikkje har tenkt så mykje over, nemleg kor sterkt dette med kva du trur på kan vere. Dei siste åra har USA hatt ein president som har dyrka kunsten å få tilhengjarane til å tru på ei overordna historie om motparten som berre kan kallast demonisering. Og sidan det amerikanske samfunnet er langt meir oppdelt enn det vi er vande med når det gjeld nyhendeformidling, har store delar av folket der fått banka inn denne «sanninga» dag inn og dag ut. Og sanningar trur vi jo gjerne på.
Dette fenomenet fekk sine mest absurde utslag etter kvart som koronapandemien spreidde seg. Halvparten av folket tok ansvar og fylgde faglege råd og påbod, medan den andre halvparten gav meir eller mindre blaffen og meinte at dette var falsk propaganda frå styresmaktene (men ikkje frå presidenten). Resultatet vart at smitten spreidde seg mykje vidare enn her i landet. I skrivande stund er dødstala tretten gongar høgare i USA enn i Noreg i høve til folketalet.
Det er kanskje forståeleg at det kan vere vanskeleg å tru at ein sjukdom er farleg når du gong på gong har høyrt øvste leiaren i landet ditt bagatellisere faren. Men kva så viss du sjølv vert sjuk? Då skulle ein kanskje tru at det vart tid for ei revurdering og sjølvransaking. Ikkje nødvendigvis. Her om dagen såg eg i ei amerikansk nettavis eit intervju med ein sjukepleiar frå Sør-Dakota. Ho fortalde om pasientar som, sjølv om dei var hardt råka av covid-19, nekta å tru på at det var det dei var sjuke av. Det kunne ikkje stemme at dei hadde denne sjukdomen, for den fanst nemleg ikkje. Dei forlangte å få diagnosen influensa eller lungebetennelse eller til og med kreft. Heilt inn i døden nekta somme å innsjå kva som hadde skjedd. Somme av dei avsto frå å ta den siste samtalen med slekt og vener over telefon eller internett, for «det går bra med meg». Fornektinga var total. I staden brukte dei dei siste kreftene sine til å skjelle ut helsepersonellet som prøvde å hjelpe dei.
Vi har ein tendens til å riste på hovudet av amerikanarane av og til. «Dei er sprø.» «Slik er vi ikkje her.» Men eg trur (sic!) at vi skal vere litt forsiktige med å avvise at det kan gå så gale her heime. Vi ser tendensane til djupe splittingar i land som geografisk ligg nærare oss, nemleg Ungarn og Polen. Også der piskar styresmaktene opp stemninga og det er langt frå faktabasert argumentasjon som vinn fram. Mange trur på leiaren og det dei vil tru på og sluttar rekkene. Tru kan trumfe fakta, berre temperaturen vert høg nok.
Så kva kan vi gjere? Når vi veit at trua hos somme kan vere så sterk at ingen saklege argument når inn, kan vi verkeleg lure. Kanskje må vi finne opp heilt nye måtar å kommunisere på? Den som meinte at sosiale medium skulle føre til at vi fekk eit meir demokratisk ordskifte, har i alle fall kome noko i tvil dei siste åra. Kanskje må vi finne ein veg attende til den gode, gammaldagse opplyste samtalen. Er det mogleg?