Ein tysk student klaga inn ein professor i samfunnspsykologi ved UiB, fordi han kjende seg forulempa av ei utsegn i ei føreslesing. Professoren skal ha sagt «tyskarane har vore her før, og no snik dei seg inn igjen» då han presenterte forsking om turisme. Ifølgje førelesaren var det meint som ein spøk, men studenten kjende seg krenkt av vitsen, og uttalte til BA at han opplevde at formålet var å nedverdige han personleg, og at professoren uttrykte at det var for mange tyskarar ved fakultetet.
Instituttleiinga beklaga hendinga overfor studenten, medan professoren opplevde orsakinga som eit forbod mot fri ytring. Saka resulterte i at studenten har fått 10 000 kroner i kompensasjon fordi dei store medieoppslaga om saka vart belastande, og fordi opplysingar frå klaga har kome på avvege. Om utsegna til professoren er upassande har derimot universitetet ikkje teke stilling til.
I USA har ein det siste tiåret sett mange liknande hendingar. Studentar opplever seg personleg krenkte av ordvalet til førelesarar, eller dei klagar fordi førelesingane har teke opp tema som dei synest er ubehagelege. Juristen Greg Lukianoff og psykologen Jonathan Haidt skreiv i 2015 eit essay om denne tendensen. Dei hevda at bakgrunnen for trenden er at millenniumsgenerasjonen har vakse opp i eit overbeskyttande miljø, der vaksne har prøvd å verne dei frå alle farar. Difor har fleire universitet etter krav frå studentar innført såkalla trigger-åtvaringar. Studentane vert på førehand åtvara om at førelesinga kjem til å ta opp problematiske ord og vanskelege tema som valdtekt, kolonialisne, rasisme e.l. Tanken er at studentar som har vore utsette for til dømes valdtekt, skal sleppe å verte retraumatiserte. Dette har ført til litt underlege utslag som at ein åtvarar om at bøker av Virginia Woolf tematiserer sjølvmord, og at Shakespeare sine skodespel inneheld seksuell vald.
Lukianoff og Haidt meiner at ein gjer studentane ei bjørneteneste ved å skjerme dei på denne måten. Det er svært få som har post-traumatisk stressliding, og for dei som har det, inneber den mest effektive behandlinga å konfrontere traumet i trygge rammer. Psykiateren Sarah Roff meiner dessutan det er urovekkjande dersom ein skaper ein atmosfære der alle studentar trur at det er farleg og skadeleg å diskutere vanskelege aspekt ved historia. Universiteta må skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø, og slik ruste studentane for å kunne møte det ubehagelege, også når dei etter studietida ikkje lenger kan unngå alt som er vanskeleg.
På universitetet skal studentane lære kritisk tenking. Då må ein mellom anna granske eigne standpunkt og meiningar, det kan vere smertefullt og frustrerande, men er naudsynt om ein skal kunne utfordre det beståande og kome fram til ny kunnskap. Når studentane sitt potensielle ubehag får styre, risikerer ein at det påverkar kva kunnskap som vert formidla. Nokre førelesarar lèt vere å setje enkelte tekstar på pensum, fordi dei fryktar at studentane vil oppfatte det som kontroversielt. Frå forulemping kan det vere kort veg til formelle klager eller uthengingskampanjar i sosiale medium, noko som kan påverke førelesaren sine framtidige jobbmoglegheiter.
Heldigvis er det ikkje grunn til å tru at slike saker så langt har utgjort noko stort problem ved norske universitet. Det er heller ikkje noko som tyder på at universiteta vil vert instruert til å skjerme studentane mot vanskelege tema; i samband med saka i UiB uttalte høgare utdanningsminister Henrik Asheim at han er «veldig uroleg for ei utvikling der ein kvar uttale som blir opplevd som støtande av enkeltmenneske skal slåast ned på og dermed stansast».