12. september fekk eg mi første, ekte lønning i min aller første jobb som nyutdanna. Søstera mi tok ein liten kikk på lønnsslippen og sukka. «Ja, då veit eg kor mykje utdanninga di er verdt i forhold til mi». Til tross for sine 23 år er ho ein sjukepleiar med seks års ansiennitet, der ho har ekstremt mykje tolmod og stoltheit for yrket sitt. Saman med ho står ufatteleg mange helsearbeidarar i frontlinja for å hjelpe både pasientar og pårørande, slik at du og eg føler oss tatt vare på og trygge. Og det er nettopp derfor dei fortener meir enn ein klapp på skuldra og eit tillegg på fire kroner dagen.
Koronapandemien har vist kor viktig sjukepleiaren er for å ta hand om kvalitet, kompetanse og kapasitet i helse- og omsorgtenesta. Derfor er sjukepleiarmangelen, som Norge opplever, ein alvorlig trussel mot samfunnet vårt. I dag manglar vi allereie 6000 sjukepleiarar, der behovet er størst i kommunane. Om denne situasjonen fortset vil vi ifølgje Statistisk Sentralbyrå mangle 28 000 sjukepleierar og 18 000 helsefagarbeiderar innan 2035. I mine auge er 15 år ikkje så lenge. Samstundes ser vi at det er rekordmange som søkjer til sjukepleiarutdanning ved dei ulike utdanningsinstitusjonane, medan éin av fem nyutdanna sjukepleiar går vekk frå helsetenesta innan dei ti første åra etter fullført utdanning. Hjelper det då å auke talet på studieplassar om vi ikkje klarer å ta vare på dei nyutdanna sjukepleierane i ettertid?
Under utdanninga mi hadde eg fleire møte med potensielle arbeidsgivarar. Under treffa brukte dei ulike argument for å gjere arbeidsplassen og stillingane dei tilbyr, meir attraktive for å rekruttere nyutdanna informatikk-kandidatar. Den største og viktigaste faktoren var alltid lønn og kor mykje ho auka etter kvart år som tilsett. Men dette argumentet hjelper ikkje for ein sjukepleiar då dei etter ti års ansiennitet, og i kommunane 16 års ansiennitet, har nådd makslønn. Korleis bidrar dette til at dei som sitt med mest kunnskap, erfaring og kompetanse, blir verande i sine stillingar, sjølv etter ti år?
I tillegg til lønn så er det fleire faktorar som spelar inn for at ein skal trivast i jobben sin. Arbeidsmiljø, tidspress og underbemanning gjer det hardt å yte jobben sin skikkeleg, uavhengig av yrkesfelt og stilling. Derfor gir det meg ekstremt dårlig samvit at det står fleire i same situasjon som søstra mi, der dei føler det er vanskeleg å halde motivasjonen oppe når lønna ikkje tilsvarer arbeidet dei gjer. Det at ein ikkje føler seg godkjend og verdsett i eit yrke der ein konstant set si eiga helse og sikkerheit på spel, er noko samfunnet må ta ansvar for.
«Dugnad», «uerstattelege», «kvardagsheltar» er ord som er kasta rundt dei siste månadane for å beskrive den innsatsen som er lagt ned av arbeidstakarar i samfunnskritiske posisjonar som har halde landet i sjakk. Dette gjeld ikkje berre dei som jobbar for å halde oss friske, men også dei som fraktar oss dit vi treng å vere, og dit vi jobbar, for å halde oppe ein så vanleg kvardag som mogeleg. Desse har gjort jobben sin for at vi alle skal vere friske og trygge. Derfor er det veldig merkeleg at den yrkesgruppa som er skildra som englar i forkledning, ikkje eingong får eit realt lønnsløft.