Frivillighetsprisen i Stranda Kommune gis for å heidre ein person eller lag/organisasjon som har gjort ein særskilt innsats innan det frivillige arbeidet gjennom ei årrekkje.
Prisen er sponsa av Sparebanken Møre og utdelinga blir administrert av Stranda Frivilligsentral ved styret og dagleg leiar Aud Tomasgard Berstad.
Prisen skal vere eit bilete eller måleri av ein kunstnar frå eller med tilknyting til Stranda kommune, og i år er det eit måleri av Donka Uzunova Petkova – eigar av Art Studio Aknod på Stranda.
Styret i Frivilligsentralen saman med ein representant frå Sparebanken Møre utgjer juryen: Øystein Lied Lunde, Synnøve Espe Solheim, Jorunn Helth, Anita Langeland, Marianne Fivelstad, Anne Mette Viggehagen, Jan Håkon Vikene og frå Sparebanken, Møre Kjell Martin Ringset.
Det kom inn mange gode forslag og det er ikkje enkelt å ta eit val, men i år har juryen kome fram til ein person som har engasjert seg for å få på plass aktivitetar på fleire arenaer gjennom mange år.
Årets prisvinnar er fødd og har trakka sine barnesko i Liabygda.
Han har i ei årrekkje gjort ein fantastisk jobb for Liabygda. Det er vanskeleg å fastslå kor mange dugnadstimer han har lagt ned, men det er ikkje få.
Han stiller opp på alle dugnadar i regi av idrettslaget, er primus motor i turgruppa og han er nærast vaktmeister på tusenårsstaden i Liabygda.
Då tusenårsstaden i Liabygda skulle lagast som ein samlingsstad på Langmyra som kan nyttast av innbyggjarane til ulike samankomstar, feiringar og festar, med grøntområde med grindløe, sandvolleyballbane, leikestativ og «Tuftepark», var han ein av eldsjelene for gjennomføringa.
Etter at tusenårsstaden vart ferdig, har han fungert meir som ein vaktmeister og har stått for mye av vedlikehaldet.
Han har også gjort ein fantastisk jobb med å merke og rydde turstiane i bygda, og gjere dei synlege og tilgjengelege for alle.
Han var den første i fylket som merka stiane med ulike fargar, slik at dei også skulle være synlege for svaksynte og fargeblinde, og fleire kommunar og idrettslag følgjer no etter med slik merking.
Det er vel ikkje noko tvil eller hemmelighet lenger at årets Frivillighetspris 2020 går til Berge Lied.