«Vi skulle no berre spele 2 melodiar…?»
Etter eit fleirtal utgjevingar i tradisjonell trekkspelstil, gav Knut Ivar Bøe i 1994 ut den grensesprengjande CD-en «Ferdamann», der han inviterte med seg ei mengd gjestar i jamstelt samspel i vidt ulike sjangrar frå land til land.
Ingunn Linge Valdal tok då utdanning i Rauland, og kunne ikkje delta. Men året etter, då Knut Ivar var engasjert til Olsokfeiringa i Valldal, var ho heime. Ynskjet frå arrangøren var om dei ikkje kunne spele to melodiar saman?
Ny sunnmørsk eksportartikkel?
Under øvingane (i løa på Linge, grunna slektstreff) blei det straks klart at ein ikkje trong sjå utanlands etter stoff. Ut frå «skuffer og skåp» taut det mengder av gamle lokale slåttar, som nærast bad om å bli spelt; kanskje også rista litt i…?
Då Knut Ivar seinare drog på seg store oppdrag i utlandet sommaren etter, var tida mogen for å invitere Ingunn med, etablere Ferdafolk, og ta sjansen på lokal folkemusikk som eksportvare.
Natt og dag vart det fila og øvd, prøvd og feila, improvisert og testa, forkasta og spart. Dette var kanskje første gongen desse slåttane vart løfta opp på eit profesjonelt nivå, og gjerne sett saman til nye historier – Ferdafolk sine eigne historier, prega av arv og oppvekst mellom Storfjord og sunnmørsfjell.
På berre eit par veker fekk slåttane frå Storfjordområdet reise lengre enn nokon gong før, fyrst direktesend på radio frå dansk folk-festival, seinare møte andre slåttar i Chartres (Frankrike) i normannarane sitt rike.
Seinare fylgde fleire turnéar i Danmark, og det vart tidleg haust før slåttane fekk kome heim til Sunnmøre, presentert på ein kyrkjekonsertturné.
Etter opptak til folkemusikktimen på NRK i Ørskog samfunnshus hausten 1996, låg det no i lufta at det burde kome ei plate, og CD’en «Ferdafolk» vart sleppt i juni -97 under Vikingkonvoien til Shetland – og fekk eit kjærleg møte med våre slektningar der ute.
Resten er historie, som det heiter
Med musikalske krumspring, humor og tull & tøv, (men alltid med kjærleg omsorg for slåttane dei «røskar litt i») har dei med lokale råvarer utført hundretals oppdrag for lokalt næringsliv under båtdåpar, på fine hotell, på fjellhyller og fjordgardar – på kryss og tvers utomlands. Mellom anna har dei vore Noregs representantar ved Euromusica i Hellas og EBU i Ungarn, med direkte TV-sending til titals millionar over heile Europa, men også teater, på Rikskonsert-turnéar i møte med tusentals skuleelevar, og ikkje å forgløyme alle samarbeidsprosjekta som har gjeve tradisjonsmusikken nye arenaer å boltre seg på. (Døme hallingen til storspelemannen Jens Synnes frå Ørskog – dei fleste brassband i M&R og nedover vestlandet har vel framført «Synneshallingen»?!)
Først i det siste har det kome fram at CD-en «Ferdafolk» nærast har vore pensum- og nøye granska – på musikkhøgskulen. Kanskje eit bevis på at gamalt, lånt krut smell det òg…?
Fjellro i Valldal under Olsokfeiringa
Ettersom Covid-19 la under seg fleire jubileumsjobbar både i inn- og utland, var det ei gledeleg overrasking at Valldal idrettslag likevel ville arrangere konsert i hagen på
For riktig å «slå på trumman» får Ferdafolk hjelp til å feire av Anne Sofie Linge Valdal (vokal/bodhran-tromme/seljefløyte. Ikkje mange på desse kantar har budd ti år i Skottland og turnert dei største folk-festivalane!) og Øystein Sandbukt frå Ålvundeid (distriktsmusikar, Fjord og fjell, Unni Boksasp band m.m.), som på strengeleik med sin rocka folk-bakgrunn tilfører ein ny dimensjon til Ferdafolk-slåttane!