Storfjordnytt
7 minutter lesetid

Nyare og eldre veteranar på besøk i Eidsdal

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Å køyre frå Lindesnes til Kirkenes krev sin mann, si kvinne og sitt køyretøy. Denne veka hadde deltakarane i Rally Classic 2020 kviledag i Eidsdal.

Saken fortset etter annonsa

Motorhavari

Ikkje alle køyretøya likte turen frå Odda retning Eidsdal via Geiranger like godt. Hilde Mælen Melhus sin 1965 Opel Kadett-A kokte fleire gongar, det gjorde også andre bilar. Men verst gjekk svingete vegar og bakkar ut over Arnfinn Hægeland og hans motorsykkel, ein 1966 Tempo. 

To staselege eks-militære veteranar, begge av typen Tempo og begge 1966-modellar. Den bakerst, med motor er eigd av Roy Tjøm, stakkaren i front med motoren plukka frå kvarandre i delar, er eigd av Arnfinn Hægeland. 

Omtrent ved Billingen fekk han motorhavari – og det var ikkje anna å gjere enn å be om hjelp. Hjelpa kom i form av Karl Martin Rønneberg og bergingsbilen hans – og motorsykkelen vart køyrt til Solfjord i Eidsdal der bilgjengen skulle bli til onsdag morgon.

Karl Martin Rønneberg var den som henta Arnfinn Hægeland sin Tempo med bergingsbilen. Her er han innom for å fullføre papirarbeidet etter turen. 

Så kva gjer ein då, når ein står der med ein motorsykkel med havarert motor? Jau, ein har ein god kompis som tar med seg to motorar, hiver seg i bilen og køyrer heile vegen frå Lindesnes til Eidsdal. Denne gode kompisen heiter Gunvald Kvelland, er 72 år gammal og har slikt å gjere, seier han. 

Han starta frå Lindesnes i eitt-tida tysdag og var framme i ellevetida om kvelden. Han hadde berre stoppa éin gong på turen, og då i eit nødvendig ærend på «det lille rommet».

Gunvald Kvelland (til høgre) kom kompisen ved sida av seg til unnsetning då han køyrde to tempomotorar frå Lindesnes til Eidsdal tysdag.

Kvelland hadde berre såvidt fått parkert bilen før han var i gang med å hjelpe til med å fikse motor, og skal ein tru dei mange skrukyndige som hjelpte til utover tysdagskvelden og -natta, var Hægeland sin Tempo klar til turen vidare onsdag morgon. Den snille kompisen skulle rett heimatt til Lindesnes for å vere med på Lindesnes Tempoklubb sin tradisjonelle danmarkstur til helga.

Roy Tjøm, som eig den andre Tempo-motorsykkelen, kunne fortelje at Lindesnes Tempoklubb har heile 70 medlemmar og at det er eit godt miljø i klubben, noko hjelpa frå reddande engel Gunvald Kvelland er eit godt døme på.

Herdalssetra

Dei som står bak Rally Classic 2020 har tatt kontakt med lokale entusiastar på dei stadene der dei har eit lengre stopp. Dermed var det Hallgeir Greger som vart kontakta denne gongen, og Hallgeir og sonen Even tok dei langvegsfarande med på limousintur til utsiktspunktet på Gjerdeneset tidleg på dagen. Om ettermiddagen sette folk seg i bilane sine, andre vart med i dei to limousinane og reiste på tur til Herdalssetra. Her kom dei akkurat i tide til å sjå dei 380 geitene samle seg for å bli mjølka. Det var populært. 

Saken fortset etter annonsa
Hallgeir Greger og sonen Even Løvås Greger på Herdalssetra tysdag ettermiddag.

Jostein Sande var på plass denne dagen og kunne fortelje at det med stort og smått var i overkant av 400 geiter der oppe no, der 380 av dei skulle mjølkast. Elles kunne han fortelje dei interesserte besøkande litt om historia til Herdalssetra, om at det allereie på 1700-talet var busetnad der og at etter at garden vart fråflytta, så har det vore seterdrift der sidan. 

Jostein Sande (til venstre) fortel bilentusiastane litt om kva dei held på med på Herdalssetra og også litt om historia til setra.

Svært mange av bilfolket var heilt klare på at dei på eitt eller anna tidspunkt skulle attende til Herdalen, for alle som ein syntest det var fint der oppe.

Så gjekk turen attende til Solfjord for middag og sosialt samvere – der dei venta på mannen med motorane. Og då han kom, var det å skru motor for å vere klar til vidare tur.

Hilde Mælen Melhus seier at det er første gongen veteranbilklubben gjer noko slikt og at det så langt hadde vore ein aldeles storvegs tur.

– Vi er allereie i gang med å planlegge ny tur neste år, seier ho med eit stort smil.