Hest har vore ein del av dressurryttar Camilla Tafjord sitt liv sidan barndomen. Frå denne månaden av kan ho ta inn lærling i verksemda si.
Ponnien Valentino var Camilla sitt første møte med hesteverda, og det tok ikkje lang tid før ho fann ut at det var ei verd ho ville vere i.
– Hestesporten er ein kostbar affære om ein skal kome på høgt nivå, fortel ho. Det stod ikkje millionar av kroner på ein konto og venta på Camilla for at ho skulle kome dit ho er i dag.
Mykje eigeninnsats
I Pe-garden i Norddal vrinskar det frå fleire hald. Det er kjekt å følgje ryttaren Camilla mellom stall, ridebane og tunet ho bur i medan ho fortel om seg og drifta si.
Over ei stalldør heng ei solid rekkje av premiesløyfer. Bevis på noko av det Camilla og hestane har prestert. I magen har ho eit nytt lite liv. For fire år sidan flytte ho opp til sin Ola etter å ha møtt han på ein ferie hos slekt i Eidsdal. Og hestane, dei er sjølvsagte bebuarar i tunet.
– I tillegg til trening og som viktige partar i verksemda mi, så er det mykje kos og trøyst i hestane og, fortel Camilla.
Det er få år sidan ho miste mor si og stefar sin på tragisk vis, i dei i alt fjorten hestane Camilla eig har ho funne både ro og avkopling.
– Eg har utdanning frå hestelinja ved Gjermundnes vidaregåande skule, fortel Camilla.
– Så vart eg lærling i Brumunddal og i Sørkedalen ved Oslo etterpå, seier ho vidare.
Camilla ville ha meir erfaring og var litt rundt om og jobba med hest, mellom anna i Sverige og i Danmark.
– Eg har vore oppteken av å skaffe meg kunnskap og erfaring der det går an. Hestedrift er dyrt, det er hard kamp om å nå toppen i konkurransesamanheng og det krevst mykje av både tid og arbeid, fortel Camilla og legg til at ho nok er ei av dei som har gått den tunge vegen for å få det til.
– Så utdanna eg meg til ridelærar, fortel ho vidare.
Den utdanninga tek ein gjennom Norges Rytterforbund, som er ein del av Noregs Idrettsforbund. Utdanninga tok Camilla i Bergen, i Oslo og i Starum på Gjøvik.
Ønskjer lærling
Ein lærling som får praksisplass i ei verksemd som den Camilla har, må ha vore elev i hest- og hovslagerfaget ved ein vidaregåande skule.
– Det tek to år, fortel Camilla.
– Så kan ein velje om ein vil gå vidare med drifting av stall eller hovslagerfaget etterpå, forklarar ho.
– Slik eg har det i mi verksemd no for tida, så er det veldig mykje å gjere. I praksis kan ein vel seie at eg jobbar for både to og to og ein halv person, seier Camilla vidare.
Det er ikkje tvil om at det er på sin plass å få ein driftig og interessert lærling til Pe-garden.
– I tillegg til at eg no har godkjend lærebedrift, så har eg utvida kompetansen min med tida. Eg er utdanna ridelærar og hesteterapeut og har fagbrev i stalldrift, kan ho fortelje.
Det er viktig for henne at hesten er i sentrum. Ein del med same bakgrunn som Camilla opnar rideskule, legg til rette for at tunet sitt skal kunne nyttast av publikum og liknande. Det er ikkje Camilla sin veg.
– Mi hovudinteresse ligg i avl og reproduksjon av dyr. Ikkje minst er eg oppteken av å jobbe fram det beste i kvart individ, få fram det beste i kvar hest, understrekar Camilla Tafjord i Norddal.