Det var ein underleg seanse som utspelte seg i kommunestyret førre veke. Ei i utgangspunktet kurant sak om godkjenning av skisser til ordførarkjede utarta til noko heilt anna.
Ein kross er eit sterkt symbol, eit symbol dei aller fleste veit kva står for. At det i Noreg blir ein stadig større del av befolkninga som enten høyrer til ei anna tru, eller som ikkje trur i det heile tatt, er ikkje noko nytt. Samfunnet vi lever i er mangfaldig, også når det kjem til livssyn.
Men er det verkeleg noko problem å skulle ha ein kross som eitt av åtte symbol i ordførarkjedet til Fjord kommune? Kvifor skulle det vere eit problem? Det står i paragraf 2 i Grunnlova at verdigrunnlaget vårt skal vere den kristne og humanistiske arven vår. Sjølv om eg personleg ikkje er spesielt kristen, har eg ikkje noko problem med ein kross i ordførarkjedet – like lite som eg har problem med krossen i flagget vårt. Det eg derimot ville streva veldig med, er om vi her inst i ein fjord på Sunnmøre skulle setje Grunnlova til sides og fornekte historia vår.
Dette føyer seg inn i det som skjer elles i samfunnet for tida. Symbol, kunst og namn som ikkje passar inn i vårt «moderne verdsbilete» som namnet på ein bydel i Bergen eller eit måleri i ein bystyresal – eller ein statue av ein markant statsleiar under siste verdskrigen – skal vekk. Vi kan ikkje vedkjenne oss slikt, må vite. Men historia vår er historia vår, uansett. Å fjerne alt som minner oss om det vi ikkje likar, som ikkje passar inn i dag, er å skrive om historia – historieforfalsking kan det også kallast. Det er ein form for sensur, som vi finn i land vi ikkje likar å bli samanlikna med. Krossen er del av historia vår – og såleis heilt naturleg i eit ordførarkjede som symbol på Olavstradisjonen i Fjord kommune.