Ingen av oss er vel heilt ukjende med rykte. Dei har ein tendens til å dukke opp, nær sagt ut av det blå – og vekse ut av alle proporsjonar. Under kommunedirektøren sine orienteringar til formannskapet i førre veke, var nettopp det tema. For etter at Fjord kommune fekk sitt andre smittetilfelle, var han sjokkert over ryktespreiinga og kva som vart skapt av historier om både det eine og det andre etter at det nye smittetilfellet vart kjent.
«Folk skil ikkje mellom karantene og smitta. Og så spreier det seg så vanvittig mange rykte,» sa han og bad folk innstendig om å tenkje seg om før dei lagar historier. Eller spreier historier ein ikkje heilt veit om er sanne eller ikkje.
Rykte blir gjerne skapt av det allestadesnerverande bygdedyret. Sensasjonshungeren er sterk hos dette dyret, det er «sensasjonar» dyret i stor grad lever av. Dess meir det kan lage «nyhende» om og dess meir det skapar spekulasjonar og splid i bygdene, dess betre synest bygdedyret det er. Om attpåtil einskildpersonar og familiar blir skadelidande, så jublar bygdedyret og heiser flagget til topps!
Vi skal vokte oss vel for å bidra til at bygdedyret får halde på med aktiviteten sin. Men då må vi slutte å ta alt vi høyrer for god fisk, vi må spørje oss sjølve: stemmer dette? Så bør vi finne ut av om det er sant det vi høyrer. Og sjølv om noko faktisk skulle vere sant, er det slik at vi må spreie historia vidare? Nei, vi må ikkje det, det går faktisk heilt fint å la det vere. Og det synest eg vi skal. La det vere altså. Og elles oversjå bygdedyret slik at det ikkje får noko å halde på med.