6. juni for ti år sidan opna Bengt Dahlberg dørene til det som etter kvart er blitt kjent over heile verda som sjokoladenaustet i Geiranger.
Jubileum og nasjonaldag
I dag, laurdag 6. juni var det ikkje berre bursdagsfeiring for Geiranger Sjokolade, men også nasjonaldagen til Sverige. Dobbelt grunn til å feire med andre ord, noko han gjorde med å invitere bygdefolket til å kome innom på kaffi og sjokolade.
– For ti år sidan var eigentleg planen å opne på 17. mai, men det året var det transportarbeidarstreik, så vi fekk ikkje alle forsyningane vi trengte i tide. Dermed vart det opning på den svenske nasjonaldagen i staden, fortel han som voks opp på ein gard i Skåne og som vekslar mellom å bu i Stockholm og i Geiranger.
Spesiell sommar
Bengt synest det har vore ein merkeleg vår og sommar så langt.
– Det juni, det er laurdag, og det er nesten folketomt. Dette blir ein heilt spesiell sommar, seier han.
Som dei fleste verksemdene i Geiranger, er også dei i sjokoladenaustet i stor grad avhengige av omsetninga i turistsesongen for å få det til å gå rundt resten av året.
– Men ein må tilpasse seg verkelegheita og vere kreative, seier Bengt som i sommar vil utvide sortimentet og satse meir på kafédrift i naustet.
– Vi har heimelaga softis, det håper eg å selje mykje av til dei norske turistane, seier han.
I tillegg blir det litt bakervarer som kanelsnurrar og brød frå Geiranger Bakeri.
– Då kan folk få varm kakao og ein kanelsnurr, i tillegg til ein sandwich og sjølvsagt sjokolade, seier han og håper folk stikk innom på veg på tur og får med seg turproviant både i form av sjokolade og sandwich.
Vanskeleg når ein ikkje veit når vegen opnar
Bengt seier han i løpet av dei elleve åra han har halde til i Geiranger aldri har opplevd så sein opning av fjellet. Det undrar han at det ikkje er mogleg å gjere det meir føreseieleg for dei næringsdrivande i bygda – sjølv når det er mykje snø som i år.
– Det hadde vore mykje enklare å drive næring her om Statens vegvesen kunne hatt ein fast dato for opning, seier han og undrest over kvifor det ikkje vert brøyta frå begge sider når det er så mykje snø som no.
– Slik det er no, er det altfor lite føreseieleg. Det gjer det vanskeleg å planlegge drifta, spesielt no, meiner han.
Mange av dei same utfordringane no som då
Elles er han forundra over at dei utfordringane Geiranger-bygda hadde då han etablerte seg der for ti år sidan i stor grad er der framleis, sjølv om bygda også på fleire måtar har utvikla seg mykje.
– Det er mykje som ikkje har forandra seg, seier han og er fascinert over at det ikkje har skjedd meir. Det er også noko som gjer det vanskeleg å drive utvikling i bygda, meiner han.
Då tenkjer han mellom anna på bustadsituasjonen som i stor grad den same no som for ti år sidan. Den gongen arbeidde Stranda kommune med å få på plass fleire bustadtomter, minnest han.
– Og når ein omsider har fått på plass tomter, så manglar bygda straum til vidare utvikling. For ikkje å snakke om internett. Breiband har vi ikkje, og det er eit problem i eit samfunn som blir stadig meir digitalisert, seier han.
Over all forventning
Bengt synest det er utruleg at det allereie er ti år sidan han starta opp i sjokoladenaustet.
– Det har gått over all forventning. Eg hadde fire dagar med sjokoladeutdanning bak meg før eg starta opp. Og no er over halve konfektsortimentet vårt prisbelønt. Det er eigentleg heilt gale, seier han.
Men – det er det som får han til å halde fram med det han driv med også. Det og alle dei positive tilbakemeldingane han får på både naustet og sjokoladen frå dei som er innom på besøk.
– Tilbakemeldingane på TripAdvisor er fantastisk lesing, seier han og legg til at han i stor grad har greidd det han hadde sett seg fore då han starta.
– Visjonen var å bidra til å skape eit minne, ei smaksoppleving, eit ekstra krydder til opplevinga i Geiranger, som dei besøkande ber med seg vidare, seier han.
Det er også derfor han ikkje kan gje seg med sjokolade.
– Eg vil bidra til å gjere folk glade – og sjokolade spreier glede, slår han fast med eit breitt smil.
Har kjøpt hus i Eidsdal
Bustadsituasjonen i Geiranger har gjort at han denne veka rett og slett har kjøpt bustad. I Gjerthagen i Eidsdal. Ikkje for å bu der sjølv, men for mellom anna å ha ein stad til dei sesongtilsette.
– I fjor sommar hadde eg elleve heiltidstilsette og det var mildt sagt vanskeleg å finne bustad til dei alle saman. Og når ein ikkje har hus med hybel slik svært mange i bygda har, blir det vanvittig dyrt å leige, seier han.
Bustaden i Eidsdal skal ikkje berre vere bustad for dei sesongtilsette, han har også behov for eit lager. I tillegg har han lenge vore på jakt etter eit ekstra produksjonslokale i Geiranger, utan å ha lykkast med det.
– Huset i Eidsdal har stor tomt og ein stor garasje, kanskje kan det vere mogleg å søkje om bruksendring på garasjen og ominnreie den til sjokoladeproduksjon. Eller kanskje kan vi få til noko i hagen. Vi får sjå kva det blir til, men det er veldig kjekt å ha kome dit at eg eig noko, seier han.
Sjokoladesmaking og nettbutikk
I tillegg er han særdeles nøgd med å ha fått i orden langtidsleige av naustet i Geiranger.
– Ting byrjar å falle litt på plass, seier han som slett ikkje har tenkt å gi seg med sjokolade med det aller første.
Tvert om, han har tankar om fleire typar aktivitetar gjennom sommaren – sjokoladesmaking er berre éin av aktivitetane han vil i gang med. Å få nettbutikken opp og stå for den norske marknaden, er noko anna han vil jobbe for å kome i mål med. Og så håper han at når det no blir smått med cruiseturistar og andre utanlandske turistar i bygda i sommar, at dei norske turistane blir desto fleire.
– For så rart det enn kan høyrest ut, Geiranger Sjokolade er nok meir kjent blant ute i verda enn her heime. Kanskje denne sommaren kan gjere noko med det, avsluttar han.