På Sylte hamn i Valldal går arbeidet med parkanlegget for fullt. Det er firmaet Anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS frå Volda som for tida arbeider med natursteinmurar. Firmaet har god erfaring med slike anlegg og har utført arbeid mange stader.
Skal du parkere bilen på kaiområdet, vert det på den halvdelen som vender mot gatekjøkkenet medan andre halvdelen vert parkanlegg med leikeapparat og anna.
– Vi skal vere ferdige med arbeidet vårt til mai neste år. No går det greit å halde på, det er godt arbeidsvêr. Kjem snøen, stoppar arbeidet opp, seier Michiel Middelveld. Saman med to kollegaer arbeider han seint og tidleg for å kome så langt som råd før snøen kjem dalande.