Fjord kommune melder på heimesidene sine at ein skal montere nytt UV-aggregat på renseanlegget på Vollane natt til torsdag 1. oktober.
På grunn av arbeidet vil abonnentar tilknytta Valldal vassverk kunne bli utan vatn frå onsdag 30. september klokka 23.00 til torsdag 1. oktober klokka 7.00. Vatnet blir kopla på att så snart arbeidet er ferdig.