Fjord kommune opphevar lokale karantenekrav, men oppmodar på det sterkaste folk til å reise minst muleg – det gjeld også påska.
Det skal ikkje stikkast under stol at eit viktig mål for oss er å unngå at mange tilreisande skal føre til auka smittespreiing. På vegner av Fjord kommune vil eg derfor på det sterkaste oppmode folk om å reise minst muleg – også i påska, seier ordførar i Fjord kommune, Eva Hove.
Fjord kommune var innstilt på å vidareføre dei lokale karantenereglane til over påske. Vi er framleis i fase ein av epidemien, og då vil slike restriksjonar kunne ha god smitteverneffekt. Det kunne utsetje smitteomfanget, spare lokalt helsevesen og redusere trykket på sjukehuset vårt. Det ville vere i alle si interesse, seier Hove.
Vi har i dag hatt nytt samråd med nabokommunane Stranda og Sykkylven. Då begge desse kommunane no melder at dei vil følgje dei nasjonale retningslinene, måtte Fjord kommune ta ei ny og grundig vurdering. I ein slik situasjon opplever vi det som krevjande å halde fast på lokale karantenevedtak, og vi må spørje oss sjølve kva vi vinn med dette. Vårt hovudfokus har heile tida vore å gjere gode vedtak utifrå eit smittevernperspektiv. I ein situasjon der Fjord kommune ville bli att åleine med eigne reglar, meiner vår kommuneoverlege at dette ikkje vil ha den ønska effekten, og han rår oss no til å følgje dei nasjonale reglane, seier ordførar Eva Hove. Vi legg stor vekt på dei råda kommunelegen gir oss.
Vi opplever at dei lokale vedtaka vert utsett for sterkt press, og det til trass for at næringslivet i desse tre kommunane i hovudsak seier dei er komfortable med dei lokale reglane – faktisk er det mange verksemder som pålegg seg sjølve enda strengare restriksjonar. Det er eit tankekors, ikkje minst sett på bakgrunn av den lokale vedtaksretten i slike saker. Det er ikkje bra at lokale reglar blir stempla som næringsfiendtlege, når det ikkje er tilfellet.
No følgjer vi dei nasjonale reglane, supplert med lokale vedtak som inneber stenging av alpinanlegg, campingplassar, bubilcampar og gjestehamner. Alt dette for å redusere muleg smittespreiing og reiseverksemd.
Eg ber om at folk som kjem frå område med mykje smitte, ikkje kjem på påskebesøk til Fjord kommune. Eg ber også alle vere ekstra påpasselege med å unngå å utsetje folk i risikogruppene for smittefare. Vi må ikkje gløyme at det er dette som må vere det overordna målet med dei tiltaka vi set i verk. Så håper eg sjølvsagt at vi neste påske får mange av våre heim til Fjord kommune og kan feire påske under normale og hyggelege omstende, avsluttar ordførar Eva Hove.