Fjord kommune er framleis i fase 1 av smittespreiing av koronaviruset.
Ønskjer å kontrollere utviklinga
Derfor har kriseleiinga i kommunen vedteke å vidareføre lokale restriksjonar og tiltak for å kunne halde fram med å fortsatt kunne kontrollere utviklinga av epidemien. Dei lokale tiltaka kjem i tillegg til dei nasjonale retningslinene frå regjeringa og helsestyresmaktene.
Kommunen ser det slik at sjølv om ein har god kontroll over situasjonen i dag, er det framleis behov for å planlegge for ei eventuell eskalering av utbrotet, og å sikre nok ressursar for å handtere ei slik utvikling.
Lokale tiltaka som vert vidareførte
- Arena Overøye skisenter vert i første omgang stengt fram til 20. april.
- Kommunehuset, rådhuset og biblioteka vert stengde for besøkande.
- Idrettshallane og gymsalane (innandørs anlegg) framleis stengde for all aktivitet.
- Det vil vere forbod mot kultur- og idretts- og andre arrangement som ikkje stettar grunnleggande krav til smittevern. Forbodet er nasjonalt og gjeld fram til 15. juni.
- Det vert framleis adgangskontroll og alminneleg besøksstopp på institusjonane i kommunen.
- Rutinar for kontakt med legekontor/helsestasjon/jordmor:
- Alle skal RINGE først. Ikkje møt opp utan avtale.
- Alle ytterdører vil vere låst. Når du kjem til avtale, må du bruke dørklokka. Vi kjem og møter deg.
- Nokre avtalar blir erstatta av telefonkonsultasjonar eller bli avlyste. Om dette gjeld din avtale, får du beskjed.
- Har du symptom på luftvegsinfeksjonar skal du uansett ikkje møte opp
- Lokal forskrift om forbod mot overnatting på kommunal grunn, campingplass, bubilcamping, gjestehamn eller anna verksemd som driv utleie av hytte og leilegheiter i Fjord kommune, vert i første omgang vidareført til 20. april.
Feiring av 17. mai
17. mai-komiteane bør planlegge for arrangement som stettar dei nasjonale retningslinene for å hindre smittespreiing. Det vi lseie at ein må leggje til rette for utandørs arrangement der ein held tilstrekkeleg avstand til kvarandre. Regjeringa har varsla ein rettleiar for korleis ein kan legge til rette for 17. mai-arrangement.
Etter at dette vert presentert, vil vi invitere leiarane av dei lokale komiteane til eit nettmøte der vi drøftar alternative løysingar.
Skular og barnehagar
Skular og barnehagar vil opnast gradvis, frå 21. april for barnehagane og 27. april for 1.-4. klasse i skulane.
Korleis opning av barnehagane skal gjennomførast vert informert om til heimane seinast fredag 17. april.
Informasjon om opning av skuletilbod for 1.-4. klasse vil vi sende ut informasjon om i slutten av veke 17.
Når det gjeld definisjon på kva yrkesgrupper som har samfunnskritiske oppgåver, og såleis kven som har krav på omsorgsplass i barnehagar og skular, har regjeringa no vurdert at barnehagetilsette og tilsette i skulen som har arbeidsoppgåver i 1.–4 – klassetrinn kan få eit slikt tilbod. Det er nok at éin av dei føresette har ein kritisk samfunnsfunksjon.