Laurdag inviterte Fjordhagen AS, Fjord Næringsforum og Fjord kommune til det dei kalla innsamlingsavspark på Martin Linge-huset i Valldal.
Tredelt finansiering
Målet er å samle inn drygt 1,8 millionar kroner slik at første trinn i tettstadutviklingsprosjektet i Valldal kan realiserast.
Finansieringa er delt på tre; kommunen, fylkeskommunen og private/næringsdrivande. Fjord kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har kvar seg løyvd rett i overkant av to millionar til første byggjetrinn, då er det bidraget frå private og næringslivet som står att å skaffe.
I salen denne ettermiddagen var det både bygdefolk og næringsdrivande, dei var komne for å få meir informasjon om prosjektet og kor langt det er kome.
– Håper alle brikkene fell på plass
Ordførar Eva Hove ønskte velkomen – og ho ser føre seg at det som skal kome ut etter at første trinn i prosjektet er realisert, er auka trivsel og betre livskvalitet for både dei som bur i og besøker bygda.
Ho var innom at prosjektet vil gjere det tryggare for gåande og gi auka omsetning for dei næringsdrivande.
– Det er omfattande planar i tettstadutviklingsprosjektet og det går ikkje å gjere alt på ein gong, dermed må det delast opp i fleire trinn, sa ho og også ho var innom den tredelte finansieringsmodellen.
– No håper eg at alle brikkene fell på plass slik at vi kan starte med Syltetorget og kaifronten. Eg håper mange nok synest dette er viktig slik at det kan realiserast, avslutta ho.
Avhengig av å løfte i lag
Ingvild Gjerdset frå Møre og Romsdal fylkeskommune sitt tettstadprogram kunne fortelje at fylkeskommunen dei siste fire åra har løyvd totalt 100 millionar kroner til by- og bygdeutvikling. Dette er eit klart politisk val frå fylkespolitikarane sin side, å bruke dei regionale utviklingsmidlane fylkeskommunen får frå staten til utvikling av tettstader.
Ho trekte fram fleire av «flaggskipa» i fylket med omsyn til tettstadutvikling, mellom anna Ulsteinvik som har gjort noko med kulturalmenningen, sjøfronten og torget. Ulsteinvik har mottatt fleire prisar for sitt tettstadutviklingsarbeid. Åndalsnes var eit anna døme på vellukka tettstadutvikling som ho trekte fram.
Gjerdset var tydeleg på at fylkeskommunen ikkje gir støtte til bygningar, men til planlegging og realisering av tiltak.
– Ingen kan gjere dette aleine, vi er avhengige av at alle løfter i lag og vi ønskjer lokalt eigarskap til prosjekta. Gode tiltak kjem som følgje av gode prosessar og eg vil skryte av tidlegare Norddal kommune og no Fjord kommune for ein god prosess, sa Gjerdset og la til at arbeid som dette tek tid.
– Ulsteinvik har arbeidd med sin tettstadutvikling i om lag 20 år, fortalde ho.
Så kvifor er det så viktig for fylkeskommunen å jobbe med stadsutivikling? For det første er det vedtatt gjennom planverk at stads- og byutvikling skal prioriterast. I tillegg er stadsutvikling folkehelse.
– Å ha stader der det er godt å vere og eit sterkt sentrum er viktig for næringslivet, slo Gjerdset fast.
– Menneska er den viktigaste ressursen, vi må jakte på menneska og leggje til rette for at folk kan møtest. Stadutvikling er samfunnsutvikling, meinte ho.
Gjerdset meinte at det er viktig at det første tiltaket kjem på plass, det er avgjerande for korleis det blir seinare. Ho rosa Fjord kommune for å ha laga ein heilskapeleg plan for sentrum og Sylte – når planen er der, kan prosjekta takast stegvis.
– Legg til rette for bruk og opphald og folk kjem. Der det er bra å bu, der er det også bra å kome på besøk, slo ho fast.
Må sjå verdien av eitt felles sentrum
Eva Langstein frå Vestnes næringsforum poengterte viktigheita av at kommunen, private og næringslivet jobbar saman, at det er viktig for å forankre verdien av eitt felles sentrum. Ho meinte at det må jobbast for å få bedrifter og innbyggjarar i alle bygdene i Fjord kommune til å forstå verdien av eit sterkt sentrum, at det kan vere noko å vere stolt av.
– Der folk kranglar og er usamde, dit vil ikkje folk kome, slo ho fast og meinte at ei viktig oppgåve framover vil vere å motivere kvarandre til å bli med og ikkje tenkje «det angår ikkje meg».
– Det er nøkkelen til å lykkast, meinte ho.
Planane
Så var det Terese Jemtegård Moen frå Fjordhagen AS og Martin Hove frå Fjord kommune sin tur til å presentere planane generelt og første byggjetrinn spesielt.
Martin Hove kunne fortelje at tettstadutviklingsprosjektet har pågått sidan 2014, men også at det har vore jobba med sentrumsutvikling i fleire tiår før det. Han fortalde om prosessen som har ført fram til der ein er no, frå starten med ein tettstadanalyse til ein no har ein heilskapeleg plan som kan setjast i verk i fleire steg.
Etter at prosjektet stoppa opp etter at tettstadanalysen var på plass, så vart tettstadutviklingsprosjektet starta opp att i 2018. Det har mellom anna vore workshops der alle som hadde lyst kunne vere med på å kome med innspel i prosessen.
– Eg trur vi har vore flinke på involvering, sjølv om det er slik at ein aldri kan involvere nok, slo Hove fast.
Det som no er planen i første byggjetrinn, er å gjere torget og kaifronten om frå å vere prega av asfalt og parkering til noko meir innbydande og parkmessig. Ifølgje Hove skal ein ikkje gå i minus på talet på parkeringsplassar, dei blir berre flytta til området rundt servicehuset i vest.
– Vi vil etablere ein trygg opphalds- og handelssone i aust, fortalde han.
Første byggjetrinn
Det som skal gjerast i første byggjetrinn, er å
• snu om på funksjonane på torget ved mellom anna å samle all parkering ved servicebygget,
• etablere parken og leikeplassen og trekkje turistinformasjonen ut i parken og på torget. Her vil det bli infotavleskilt for verdsarven og nasjonalparken og ei utandørs elektronisk infotavle der ein kan marknadsføre aktivitetar og opplevingar i heile kommunen,
• leggje til rette for opphald med bord og benkar,
• byggje to mobile torgboder i grindløestil,
• byggje tredekke og forskjønne området mellom ferjekaia og kaihuset,
• etablere nytt gangfelt mellom Syltetorget og «Kjøpmannsplassen» ved Muri senter,
• varslingssystem for gåande og syklende i Fjøråtunnelen,
• rumlefelt mellom tunnel og sentrum.
Intensjonen er å behalde allsidigheita slik at området kan nyttast til fleire ting.
Kort frist for innsamlingsaksjonen
Anbod på parkarealet er lyst ut med frist allereie måndag 7. september.
– Ut frå budsjettet treng vi 1.836.000 kroner for å få realisert både anbodet og trebryggja – og innsamlingsaksjonen er pressa på tid på grunn av fristar i anbodet, kunne Hove fortelje.
Terese Jemtegård Moen var klar over at ein har sett seg hårete mål med omsyn til fristen som er fredag 11. september, men sa også at dette er viktig for å få realisert første del til neste sommar.
– Det er mykje vi ikkje veit enno, mellom anna kva anboda er på, men vi må gjere det vi kan. Og om vi samlar inn for mykje pengar, er det berre å gå i gang på byggjetrinn to, meinte ho.
Milde gåver dryssa over innsamlingsavsparket
Så var det tid for somme av bidragsytarane å gje si helsing, den første var Erlend Ringstad frå Valldal Naturopplevingar AS. Han var tydeleg på at sjølv om dei held til litt utanfor dette sentrumsområet, så er eit attraktivt sentrum på Sylte viktig også for bedrifta han er dagleg leiar for. Han kunne fortelje at Valldal Naturopplevingar og Uteguiden vil bidra med 10.000 kroner.
Hans Olav Muri kunne fortelje at det har vore mykje liv i sentrum i sommar – og at sommaren har vore fantastisk med omsyn til omsetninga i butikkane.
– Det er plass til fleire. Mangfald er viktig, det trekkjer til seg folk. Så gler eg meg også til å sjå at Syltegata etter kvart blir pussa opp, sa han. Noko bygda har mangla i alle år, er eit vinmonopol. Muri kunne fortelje at første gong dåverande Norddal kommune søkte om vinmonopol, var i 2009. Han oppmoda politikarar og administrasjon i Fjord kommune til å jobbe vidare med dette, oppdatere opplysningar om folketal og slike ting og sende ny søknad til AS Vinmonopolet i tide før neste tildeling i november.
– Det ville vere eit kjempeløft for bygda, sa kjøpmannen før han kom med gladmeldinga om at Spar og HL Muri vil bidra med 50.000 kroner.
– Dette er ikkje snakk om nokon «mission impossible», det er «mission complete», slo han fast.
Så var det Olaug Vedeld sin tur. Ho er HR-konsulent i TAFJORD og hadde tatt turen til Valldal denne laurdagen. Ho syntest det var spennande å sjå korleis ein ser føre seg Valldal sentrum i framtida – og Tafjord Kraftproduksjon AS ønskjer å bidra til levande og berekraftige samfunn. Ho fortalde at Tafjord Kraftproduksjon AS for nokre år sidan, og fondet bidreg inn i gode tiltak i lokalsamfunnet.
– Eg håper at utviklinga av Valldal sentrum kan gi ringverknader også i Tafjord-bygda og dei andre bygdene i kommunen, sa ho og presenterte ein sjekk på 100.000 kroner frå Tafjordfondet.
Også Sparebanken Møre og Hofseth Aqua AS ville bidra med 100.000 kroner kvar. I tillegg er 120.000 kroner av kommunale RDA-midlar sett av til prosjektet. Når også Valldal Aktivitetspark bidreg med 10.000 kroner, var ein berre på ei lita samling ein laurdag ettermiddag oppe i 498.300 kroner.
I tillegg er det fleire som ønskjer å bidra, mellom dei Valldal Høvleri AS, kunne Odd Rune Heggen fortelje – og Terese Jemtegård Moen fortalde om positive signal frå andre.
– Eg har god tru på dette. Alle kan bidra, også privatpersonar – og ingen bidrag er for små, understreka Jemtegård Moen som gjerne tek imot bidrag også på Vipps.
– Hugs at kvar krone inn i prosjektet utløyser to kroner til, slik at ei krone blir til tre, sa ho og avslutta med å seie at ei eiga facebookgruppe for innsamlingsaksjonen er oppretta, og her kan alle som vil følgje med på utviklinga i dagane framover.