Det er lovnaden frå Nordvest Distribusjon i dag.
Ingen av Storfjordnytt sine abonnentar i Fjord kommune som får avisa si levert av avisbodet, har fått avis. Abonnentane som får avisa levert med Posten derimot, fekk avisa som vanleg i går.
Ifølgje Geir Follestad hos distribusjonsfirmaet har det skjedd eitt eller anna krøll, enten i produksjonen eller distribusjonen. Det pågår no eit arbeid for å finne ut av kva som har skjedd, kvifor det har skjedd og kvar avisene har gjort av seg – om eksisterer.
– Berre for å ha sagt det, avisbodet er skuldfri i dette. Vi må finne ut av om avisene er blitt feilsorterte eller om dei i det heile tatt er produserte, seier Follestad.
Storfjordnytt-redaksjonen er blitt lova at trykkeri og distribusjon saman vil finne ei løysing – og Follestad seier at Storfjordnytt uansett vil bli distribuert til natta.
Vi i redaksjonen kan ikkje anna enn å seie at vi synest det heile er svært trasig – og vi håper dette ikkje skjer igjen.