Har du som innbyggjar eller tilsett i Fjord kommune synspunkt på korleis kommunen kan få drifta i balanse, er du hjarteleg velkomen til å meine noko og kome med innspel til kommunen.
Driftsnivået er for høgt
Som Storfjordnytt har skrive om fleire gongar, brukar Fjord kommune meir pengar enn kommunen har. Derfor må det kuttast i drifta, alternativt må inntektene aukast – eller ein kombinasjon av dei to.
Kommunedirektør Karl André Birkhol seier i ei pressemelding at dei to tidlegare kommunane, Norddal og Stordal, dreg med seg eit for høgt driftsnivå frå tidlegare. Samla sett er dermed ubalansen i økonomien så stor at det er behov for ein omfattande omstillingsprosess.
– Per i dag vurderer administrasjonen ubalansen i drifta til å vere om lag 22 millionar kroner, seier kommunedirektøren i pressemeldinga.
Vedtak i kommunestyret
Tidlegare i vår vedtok kommunestyret at kommunedirektøren skal starte ein prosess for å kartleggje moglege tiltak for å justere driftsnivået i kommunen. et skal leggjast fram framlegg til tiltak og plan for gjennomføring som synleggjer ei omstilling på minst 22 millionar kroner frå og med 2021. Tiltak og plan skal leggjast fram til politisk behandling seinast i august i år.
Ifølgje vedtaket i kommunestyret kan framlegg til tiltak vere både strukturendringar og reduksjonar i årsverk i form av omplasseringar, naturleg avgang eller oppseiingar.
Kommunestyret vedtok også at ei administrativ arbeidsgruppe skal kartleggje moglege tiltak der ein ser på både reduserte utgifter og auka inntekter. Dei tilsette skal vere representerte i arbeidsgruppa med hovudtillitsvald og hovudverneombod. Formannskapet er styringsgruppe for prosessen og kommunedirektøren rapporterer fortløpande til styringsgruppa i løpet av prosessen.
Vil at alle skal få meine noko
I tillegg til kommunestyret sitt vedtak om å etablere ei administrativ arbeidsgruppe, ønskjer kommunedirektøren ei breiare involvering i prosessen. Derfor vert alle tilsette og innbyggjarar i Fjord kommune inviterte til å kome med konkrete framlegg, idear og råd for korleis ein kan rette opp den økonomiske ubalansen.
– Alle innspela vert vurderte og skal følgje som vedlegg i saka fram til endeleg vedtak vert fatta i kommunestyret 3. september, seier kommunedirektøren.
Tidsplan for arbeidet
Kommunedirektøren har også set opp ein tidsplan for prosessen. Førre veke var det møte med hovudtillitsvald der plan for gjennomføring vart presentert. Det var også møte i den administrative arbeidsgruppa.
Førre veke og denne veka skal dei tilsette inviterast til å kome med framlegg til tiltak, i tillegg skal altså innbyggjarane også inviterast til å kome med sine framlegg. Det skal også vere møte i sektorgruppene. Desse gruppene skal levere sitt første utkast i løpet av veke 25.
I vekene 26-31 skal det arbeidast vidare med konkretisering av tiltak og i vekene 32-33 vert saksframlegg til politikarane utarbeidd. I veke 34 skal saka til behandling i dei ulike råda og i formannskapet før kommunestyret altså får saka til behandling i veke 35, torsdag 3. september.
Har du tankar om kva kommunen kan gjere for å redusere kostnader og auke inntektene, ber kommunedirektøren om å få dette skriftleg – anten på epost til post@fjord.kommune.no eller i brevs form. Fristen for å kome med innspel er 15. juli.