Barnehagane i Fjord kommune opnar igjen i morgon, tysdag 21. april, det melder kommunen på heimesidene sine.
Rettleiar for barnehagane
I samband med koronautbrotet har Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet utarbeidd ein rettleiar som skal gjelde for barnehagane – og ein vil følgje dei råd og tiltak som står i rettleiaren. Dette skal gjere sitt til at foreldre, barn og tilsette skal føle seg trygge.
For å avgrense smitte og gjere opninga forsvarleg, vert ei det sett i gang ei rekkje tiltak i barnehagane der dei tre grunnpilarene er:
• sjuke barn og vaksne skal ikkje vere i barnehagen,
• god hygiene, og
• redusert kontakthyppigheit mellom personar.
Redusert opningstid
Barnehagane vil ha gode rutiner for mellom anna handvask og reingjering. Barna vil også bli delte inn i mindre grupper og dei tilsette vil få opplæring i smitteverntiltak. Foreldre skal føle seg trygge på at det er forsvarleg å sende barna i barnehagen, heiter det i informasjonen frå kommunen.
For å klare å gjennomføre smitteverntiltaka på ein god og trygg måte med dagens bemanning, seier kommunen at ein er nøydd til å redusere opningstida. Det betyr at barnehagane blir opne 7,5 timar per dag, frå klokka 08.00 til klokka 15.30.
Utdanningsdirektoratet har laga eit skriv som alle foreldre bør lese no når barnehagane opnar igjen. Det skrivet finn du her: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/informasjon-til-foreldre/
I tillegg tilrår kommunen at alle les rettleiaren for smittevern i barnehagane – og rettleiaren finn du her: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/barnehage/
Ikkje bli med inn
Fjord kommune minner om at sjølv med milde luftvegssymptiom og sjukdomsfølelse så skal ikkje barn møte i barnehagen. Dei skal halde seg heime til dei har vore symptomfrie i eitt døgn. Ved levering og henting ønskjer kommunen at foreldra i minst mogleg grad vert med inn i barnehagen, men at barna i staden vert møtt av ein tilsett ved inngangen. Likevel, det vil bli tatt omsyn til barnet sitt behov for tryggleik.