I dagane etter det avgjerande slaget ved Gettysburg, der sørstatshæren vart stogga og lukka i den amerikanske borgarkrigen snudde, finkjemma soldatar frå den sigerrike Unionsarmeen slagmarka for våpen. Meir enn 27 000 rifler blei tekne frå hendene på falne soldatar, for å gjere nytta i ny strid. Riflene var av den gamle typen, utan magasin – soldatane måtte lade skot for skot. Overraskande nok var 83 prosent av riflene plukka frå slagmarka ferdig lada. Det kunne tyde på at soldatane som fall, ikkje hadde brukt våpna sine.
Detaljerte studiar gjort av våpenteknikarar kasta lys over det opphavelege funnet. I over halvparten av riflene var 5–10 kuler stappa inn i ein stadig meir ubrukeleg geværmunning. Eit stort tal soldatar hadde lada, lada og lada igjen – men aldri skote. Ein stakkar lada geværet sitt 23 gongar utan å fyre av. I frykt for å bli «avslørt» som lite stridslystne, held soldatar på begge sider av frontlinjene seg aktive med å lade våpen dei rett og slett ikkje gjorde seg nytte av.
Våpenanalysene frå Gettysburg kastar nytt lys over krigføring, men òg over menneskenaturen. Kor greie er vi eigentleg? I tiåra etter andre verdskrigen la psykologar til grunn at vi i utgangspunktet og inst inne rett og slett ikkje er særleg godhjarta. I beste fall, var hypotesen, kunne vi avstå frå vold og vondskap dersom kultur og institusjonar sørger for at vi held oss i skinnet.
Kjende studiar som fangeeksperimentet i Stanford vart nytta som prov for at vi alle har ein indre sadist, som «når som helst» kan stå for dei verste ugjerningar. Stanford-studien var i røynda «rollespel»: Tilfeldig valde ungdommar vart sette til å spele roller som «fangar» og «fangevaktarar». Ifølgje forskarane bak eksperimentet måtte heile studien avbrytast fordi «fangevaktarane» så snart dei gjekk inn i rolla, byrja å oppføre seg aggressivt, truande og hånande mot stadig meir nedbrotne «fangar.» Sjølv i eit enkelt rollespel klarer vi tydelegvis ikkje å oppføre oss.
Er det eigentleg sant? Dei siste åra har kritiske forskarar byrja å setje spørsmålsteikn ved premisset om at vi «inst inne» er slemme. Arkeologiske undersøkingar av krigføring langt tilbake i tid har gitt funn som liknar dei vi såg ved Gettysburg. Denne forskinga peiker i retning av at eit fåtal motiverte og/eller profesjonelle soldatar står bak ein uforholdsmessig stor del av drepinga i krig – frå antikken til moderne tider.
Samstundes har fangeeksperimentet ved Stanford, og andre «vondskapsstudiar» frå 1960- og -70-åra blitt plukka frå kvarandre. Det syner seg at forskarane som stod bak studiane, manipulerte både utval, loggbøker og konklusjonar for å få dei til å passe med det dei meinte frå før.
I desse spørsmåla er ikkje siste ord sagt. Neppe blir dei det heller. Men det er i alle fall ein rimeleg brukbar sjanse for at vi er enda litt greiare enn vi sjølve trur.