Koronasmitten aukar ytterlegare i landet vårt. Tysdag denne veka avheldt kommuneoverlege i Fjord kommune, Henrik Steenfeldt-Foss, møte på kommunehuset i Valldal. Han informerte om korleis smitteutviklinga er, og korleis lokalbefolkninga skal forhalde seg til situasjonen. Til stades var Aud Lindis Ødegaard, beredskapsansvarleg i Fjord kommune og Jeanette Lomyr og Lisa Mari Nygård, helsesekretærar i Fjord kommune.
– Eg er svært bekymra for pandemiutviklinga i landet vårt, seier Steenfeldt-Foss.
Han minner om kor viktig det er å halde avstand, vaske hender og halde seg heime om ein er sjuk. Symptoma det er viktig å vere på vakt for er tap av smak, tap av lukt, lette forkjølingssymptom, hodepine og feber.
Frå 12. august er det mogleg for folk å avgjere sjølv at ein vil teste seg utan at lege skal avgjere det på førehand. Då er det viktig å hugse på at ein ikkje skal møte på legekontoret eller ringe dit, men kontakte koronatelefonen i kommunen for å avtale tid og stad for testing. Smittesituasjonen er i stadig endring. Det er derfor svært viktig at ein følgjer med på utviklinga.
– Eg oppmodar alle til å følgje med på kommunen si heimeside, der finn ein oppdatert informasjon, understrekar kommuneoverlege Henrik Steenfeldt-Foss.
Nummeret til koronatelefonen i Fjord kommune er 41 86 79 50. Det er mogleg å ringe på alle kvardagar mellom klokka halv ni og elleve om føremiddagen.