Det meiner grunneigarane i reguleringsplansaka i Tafjord når Storfjordnytt treffer dei i Olagarden.
Det er kommunen som er part i saka
Der er Randi og Jostein Tafjord, Magnar Dyb og Audun Walle, som er talsmann for grunneigarane. Dei ønskjer å fortelje si side av saka, og det heile kokar ned til at dei ønskjer mest mogleg friareal att av det som eigentleg er friareal.
– Det er kommunen og ikkje campingen vi skal halde oss til i denne saka, slår dei fast.
Tafjordbadet
Dei fire fortel – slik det også står å lese i sakspapira – at symjebassenget vi no kjenner som Tafjordbadet, vart bygd av Tafjord Kraft som erstatning til bygda for at dei fekk byggje K5. Det var ein del av vilkåra som vart sett då konsesjon for bygging av K5 vart gitt.
I det høvet vart det i 1986 vedteke å ekspropriere areal – inkludert strandlinje og sjøgrunn. Det eksproprierte arealet skulle vere til friområde, småbåthamn og svømmebasseng. Dei peikar på at i gjeldande reguleringsplan for området – vedtatt i 1984 – er området regulert til friområde og småbåthamn. Også kommuneplanen frå 2008 slår fast at det er denne reguleringa som gjeld og at ingen del av området per i dag er regulert til campingføremål, likevel laga kommunen i 2004 ein leigeavtale om campingdrift med dåverande drivar av hamna.
Starten på campingen
Audun Walle tek Storfjordnytt sin utsending attende til den gongen båthamna vart bygd.
– Då søkte vi næringsfondet i Norddal kommune om pengar til å få lagt ut bryggene, men næringsfondet hadde ikkje pengar å bruke på dette. I staden fekk vi lov til å setje nokre vogner på litt av friområdet for å få inn litt inntekter slik at vi kunne forsvare investeringa i båthamna, fortel han.
Det var altså slik campingaktiviteten ved småbåthamna i si tid starta.
– Heile området er eigentleg friområde, minner Randi Tafjord om. Ho er oppteken av at det må vere mest mogleg att til friareal – til bruk for bygda – og presiserer samtidig at det ikkje er nokon som vil ha vekk campingen. Det er berre bra for bygda at nokon vil drive noko her.
Dei fire er også opptrekte over at det i saksutgreiinga står: «I prosessen har ein fått bekrefta at campingplassen har utvikla seg i tråd med kommunen sine ønskjer, men ikkje i samsvar med reguleringsplan.»
– Nei, det er lite som er i tråd med reguleringsplanen der nede ettersom det er regulert til friområde og ikkje camping, seier Walle.
Har gått lang tid
Alle dei fire som er samla i Olagarden synest det er leitt at denne saka har fått gå og gå i årevis.
– Dei som seier at saka har tatt tid, dei kan takke seg sjølve, det er fleire både i administrasjon og politikken no som har bidrege til tidsbruken, meiner Walle.
– Vi gjorde ein seriøs innsats i fjor for at Norddal kommune skulle bli ferdig med saka slik at Fjord kommune slapp å få denne saka i fanget, men vi nådde ikkje fram, seier Randi Tafjord.
Strandsona
Dei fire er også kritiske til at mykje av strandsona er heilt bebygd og stiller spørsmål ved om det er lov å byggje ned strandsona på den måten det er no.
– Men det politikarane no skal ta stilling til, er ei plansak, dei skal vedta farge på kartet.
At campingdrivarane hevdar at om det vert avsett friområde i tråd med formannskapet si innstilling, så vil dei leggje ned drifta, er dei fire som er samla i Olagarden mindre uroa for.
– Dei overtok eit konkursbo og driv på kommunen sitt friareal. Dei burde vite kva dei gjekk til allereie for 9 år sidan, slår dei fire fast.
Må ha med naustrekkja
– Kva synest de om innstillinga frå formannskapet som kommunestyret skal ta stilling til på torsdag?
– Den er forsåvidt grei den, viss dei får regulert inn naustrekkja – frå notanaustet og vestover mot campingen, seier Walle.
Han fortel at det etter Tafjordulykka var utskifting på vestsida av elva. Då utskiftinga var over, var det tre bruk som ikkje fekk nok fjørestrekke. Dermed vart det sagt i utskiftingsprotokollen at når området på austsida av elva skulle regulerast, skulle desse tre bruka kompenserast med tilsvarande areal der. Det har endå ikkje skjedd. Walle fortel vidare at formannskapet i 1993 innrømte at dei hadde gløymt av nausta, men det vart lova at det skulle vere med i neste reguleringsplan.
– Det er framleis ikkje med. Så det vi spør om no, er å få med området ved sidan av notanaustet og vestover mot campingen og at dette blir regulert til naust, seier Walle.
Resten av strandsona, frå notanaustet og austover til Hofseth, skal vere friareal slik kartteikninga viser. Om naustrekkja vert regulert inn, kan grunneigarane leve med resten av framlegget til vedtak som formannskapet har sendt vidare til kommunestyret.