Fjord kommune har bestemt seg for at frå og med denne veka vert det opna for avgrensa besøk til personar som bur ved institusjonane i kommunen.
Det vil vere høve til å besøke sine nære og kjære måndagar, onsdagar og fredagar.
Det er visse reglar knytt til denne oppmjukinga, og det aller viktigaste er at alt besøk skal avtalast med den aktuelle avdeliga på førehand. På Fjord kommune sine heimesider finn de oversikt over telefonnumra til dei ulike avdelingane.
Det er viktig at den besøkande møter opp til avtalt tidspunkt. Og dersom vêret tillet det, skal besøket gå føre seg utandørs. Innandørs vil det vere ein og ein pasient som får besøk.
Pårørande skal nytte alternativ inngang og ikkje gå gjennom avdelinga.
Det er viktig at alle som kjem på besøk er heilt friske. Har du hatt symptom med feber, sår hals og hoste dei siste ti dagane, får du ikkje kome.
Kommunen har også sett ei grense på maksimum to gjestar ved kvart besøk. Gjestane skal halde føreskriven avstand til pasienten og det skal ikkje vere fysisk kontakt mellom pasient og gjest, om det skjer må pasienten vere i karantene i ti dagar.
Desinfeksjon av hender skal skje både når besøket startar og når det vert avslutta.
Det er ikkje høve til å utveksle mat og drikke. Det er heller ikkje høve til å gje gåver eller blomster.
Pasientane kan ikkje bli med på biltur.
Dei tilsette på avdelingane er ansvarlege for å bringe og hente pasientane og også å sprite bord og stolar som er brukt. I nokre høve vil ein pleiar også vere til stades under besøket.